30. des. 2016

Alltid ein Potter-fan

Fredag. Om eit drygt døgn er det plutseleg eit nytt år. Sånn på tampen av året har eg, endeleg, byrja å lese i den illustrerte versjonen av den fyrste Harry Potter-boka. Dei siste gongane eg har lese serien, har eg lese bøkene på engelsk, og eg merker at det er forskjell. Men no er eg i gong, og det er så gøy å vere i det universet igjen. Illustrasjonane av Jim Kay er så vakre, så perfekte til historia. Sukk. Det er noko heilt spesielt ved det å kunne dykke ned i ei god bok, berre la tankane fare.

5 kommentarer:

teabooks sa...

De illustrerte utgavene er så fine! Har den første på engelsk og tenker å kjøpe den andre også. Harry Potter er virkelig magisk ^^

Silje sa...

Har gleda meg så mykje, og dei (eller, det vil seie den fyrste boka, har ikkje lese nr. to enno) har ikkje skuffa :D Potter-verda er verkeleg magisk, akkurat slik du seier ^^

Mari sa...

Denne boka har jeg også, men jeg har ikke lest den. Faktisk så begynte jeg ikke på Harry Potter-bøkene før i desember 2015, nå har jeg bare den siste boka igjen. Digger lydbøkene som er lest av Stephen Fry! Ønsker deg et riktig godt nytt bokår :)

Silje sa...

Gled deg! Heilt sidan eg las den fyrste boka for seksten (!) år sidan, har eg vore fan, og kanskje endå meir dei siste åra etter å ha lese alle bøkene på engelsk to gongar :) Dei illustrerte er i tillegg litt ekstra fine. Godt nytt bokår til deg også ^^

Mari sa...

Tusen takk! Gleder meg utrolig til å finne ut av hvordan det ender. Jeg har spart gleden ved å unngå det aller meste av spoilere fra serien, og jeg har ikke sett de siste tre filmene. Nesten litt utrolig at ingen har fått avslørt noe for meg, så kjent som HP-serien er.