21. des. 2016

Magisk lys over byen

Sjølv om november i år kanskje har vore den aller finaste månaden med alle haustfargane og lyset ute, har desember vore fin den også. Førre veke fekk me oppleve nokre magiske soloppgangar, og då me gjekk rundt Mosvatnet hand i hand onsdagskveld, var det ein like magisk solnedgang å oppleve, berre ta innover seg det vakre synet. Slike opplevingar er gull verd no i mørketida.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

neverendingcircles sa...

Så fint! Jeg synes mørketida har vært litt tøff i år, så nå er det fint at sola har snudd!

Silje sa...

Tusen takk! :) Innimellom har det vore ganske så mørkt her også, og jepp, det har vore tungt å stå opp om morgonane når det ikkje er blitt lyst ute endå. Så eg synest også det er fint at sola no har snudd, men vakre syn som dei bileta har i alle fall lyst opp kvardagen ein god del :)

Ragnhild sa...

So utruleg vakkert og stemningsfullt!

Silje sa...

Slike syn er så himla fint og viktig i mørketida. Blir like glad kvar einaste gong :) Håper jula di har vore kjekk og bra så langt :)

Legg igjen ein fin tanke