11. des. 2016

Koseleg julekort og stor leseglede

Tredje sundag i advent er snart over, og det har vore ei alle tiders helg. Me har fått gjort mykje som lenge har stått på planen samstundes som me har fått slappa av med ein kopp kaffi, ei bok, stearinlys og så klart mykje fin julemusikk. Planen i går var eigentleg å ta toget til Egersund og Julebyen, men me fann ut at det kosta litt meir enn det me trudde (buss og tog). Då gjorde me som i fjor: tok bussen til Sandnes og tok ein julegåverunde der. I dag har me vaska, rydda og støvsugd, lese mykje og berre tatt det heilt med ro. Ein akkurat passe roleg sundag, og her kjem sundagslista:

✦ gå rundt i Sandnes sentrum, få julestemning og finne dei fleste julegåvene
✦ veldig kjekt å lese om det å gå på skuleball i ein gjenbrukskjole
✦ starte ein av dagane med kaffi, julekort og bok
✦ lo godt av denne ærlege Løvenes Konge-traileren
✦ vere på quiz saman med fine folk på Cardinal, og det var litt stas å vinne ein av tre quizrundar
✦ UiS sin adventskalender
✦ at eg no har byrja å sy saman alle dei hekla bestemorsrutene
✦ lese ut den underfundige og fine boka Millie Birds bok om døde ting
✦ høyre to heile filmmusikkepisodar på nettradioen, for ein seier ikkje "nei, takk" til Disney-spesial
✦ enkle tips til julepynt av gjenbruk inne hos Helena
✦ få i stand ein passeleg julepynta heim
✦ sjå den andre Narnia-filmen, så gøy å ha ein film for kvar av dei tre siste sundagane i advent
✦ fekk lyst til å gå ein tur i fjellet når ein ser slike frostige bilete som dette inne hos Ragnhild
✦ sjå den siste av tre filmar om Anne of Green Gables (kanskje eg no må lese bøkene?!)
✦ byrje å lese i den illustrerte versjonen av Harry Potter og De Vises Stein (eg storkoser meg)
✦ knallfin John Williams-medley heilt a cappella
✦ frost ute og rim på bakken, like vakkert kvar gong

0 kommentarer: