25. mars 2015
Prosjekt med leire
Leire. Eit materiale eg ikkje har jobba noko særskilt med tidlegare. Så då eg fann ut at denne månadens tema av Monthly Makers var leire, visste eg ikkje heilt kor eg skulle starte. Men det er jo det Monthly Makers dreier seg om, nemleg det å bli utfordre til å lage noko nytt, vere kreativ med materiale ein kanskje ikkje er så god på frå før. Eg måtte hente litt inspirasjon på nettet, og då fall eg sånn desse fotomagnetane, magnetar som kan likne litt på eit polaroidbilete. Prosjektet var enkelt og tok ikkje så lang tid, så dette er eit prosjekt eg anbefaler vidare for nybyrjarar. Leira eg brukte, kjøpte eg på Clas Ohlson, saman med magnetane. Leira er av merket Das Pronto og er luftttørkande, noko som vil seie at ein ikkje treng å ha den i ovnen. Kjempepraktisk! Eg synest det var veldig kjekt og kreativt å lage ting og tang med leire, og sidan eg hadde mykje leire igjen (enno har eg halve pakken igjen), laga eg fleire ting, nemleg ei fin, lita skål, pynt til å ha på juletreet (litt tidleg ute, ja) og to små pynteroser. Ein bruker det ein har: ei ølflaske blei ei kjevle, pappemballasje blei til underlag, og denne malen for kaffifilterroser, brukte eg til å lage roser av leire. Ein gammal, liten blondeduk, kjøpt på Fretex, funka fint til å lage eit mønster i den lille skåla som eg også fann ut at eg ville lage (mange treff på ei slik skål på nettet, men det er vel denne eg fyrst såg og som eg brukte som inspirasjon). Akrylmålinga på rosene og på den eine pynten til juletreet, hadde eg i ei av hobbyeskene mine, så alt i alt har dette vore rimelege prosjekt å lage med kun leira og magnetane på utgiftsposten. Sjølv om eg sleit med å komme i gong, har det vore ein kjekk prosess, og eg kjem garantert til å lage meir med leire. Polaroidmagnetane, den fyrste idéen, blei eg veldig nøgd med. Til neste gong skal eg hugse å glatte ut ujamnskapar og stygge kantar med vatn før eg set prosjekta til å tørke. Då slepp eg å pusse så innmari mykje med sandpapir i etterkant ;) Desse små prosjekta med leire som materiale, er altså mitt bidrag i Monthly Makers denne månaden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
16 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Älskar de små bilderna!!
Takk, Johanna! Et enkelt, men veldig fint prosjekt med leire :)
Men Silje, så fantastiskt! Blir så glad att du inte provat lera så värst mycket innan men sen ändå går helt in i projektet och bara skapar, skapar och skapar! Och såna grejer! Otroligt vackra rosor, så fint och välgjort smyckesfat, roliga julkulor och supersmarta polaroidmagneter. Blir så pepp och glad av detta :)
Hurra, og tusen takk for superfin kommentar, Alicia! :D Og ja, det var så kjekt å gjøre noe med leire, et materiale som utfordret meg samtidig som det gjorde at jeg fikk lyst til å lage flere og flere ting. Har enda litt leire igjen, så det blir garantert noen flere prosjekter framover :) Takk til alle dere i Monthly Makers for fine, kjekke og inspirerende utfordringer! :D
Wow! Så mycket fint! Dom där magneterna var ju bara underbara!
Ohoo, du har skapat en hel del! Vad fantastiskt! Älskar fotoramarna, så himla söta!
Vad mycket fina saker du hunnit skapa! Mina favoriter är nog ändå de första polaroidmagneterna, så cool idé!
Dere er så fine, alle sammen! Tusen takk for kjekke kommentarer! :D Og ja, de polaroidmagnetene er nok det prosjektet jeg er mest fornøyd med!
Vilken fin idé med bilderna!! Så himlans fint :)
Vad många olika saker du gjort när du kom igång med leran. Gillar särskilt magneterna och rosorna blev ju helt fantastiska.
Så smarta magneter! Älskar att du kom att tänka på bilderna med lera. Superfint!
Anna: Ja, den idéen med å bruke bilder og leire sammen, ble jeg veldig fornøyd med :) Tusen takk!
Borgmästaren: Takk for en kjempefin kommentar! Som sagt så tok det litt tid å komme på noe, for leire er ikke et materiale jeg har brukt før. Men det var så kjekt å skape og lage ting med leire etter å ha kommet i gang, så det blir nok flere prosjekter fremover :)
Jenny: Et superenkelt og fint prosjekt som alle kan klare (og man får vel aldri nok av kjøleskapsmagneter?!). Tusen takk for fin kommentar! :)
Vad kul att du hunnit med att prova så många olika saker, tycker fotomagneterna är jättefina!
Tusen takk for fin kommentar, Jess! :)
Superfina saker du har gjort! Gillar bilderna extra mycket!
Ja, ble faktisk fornøyd med de, spesielt til å være første gangen jeg lager noe med leire som ikke var i regi av skolen ;) Tusen takk for fin kommentar! :)
Legg igjen ein fin tanke