8. mar. 2015

Eit lita bursdagsfeiring

Ei veke med noko som har skjedd så å seie kvar kveld, er snart over. Ja, det har vore ei travel veke, men det er kjekke ting som har vore på planen, så det har rett og slett vore ei finfin veke :) I helga har me vore ein tur på heime på Sola, og det er jo herleg å ikkje måtte stå for middagen heilt sjølv innimellom ;) Me har gått turar i Åsenløypa (ei trimløype nesten rett ved huset), ete god mat, vore på brudeparsamling i Sola kyrkje for oss som skal gifte oss i kommunen i løpet av året, og me har feira pappa sin bursdag. Han har ikkje bursdag før i morgon, men sidan me var innom ein tur, passa det jo å feire den i dag, med god middag, kake og eit par gåver. Og på ein måte blei det jo også ei feiring av kvinnedagen. Gratulerer alle fine kvinner der ute! Me har komme langt, men me har jo også ein veg å gå. No er me heime i leilegheita igjen, og om ikkje mange timar er det sengetid. Skule og jobb igjen i morgon. Men før den tid må eg jo dele nokre fine punkt med dykk:

✦ brudevalskurs på måndagskvelden
✦ ein veldig bra video om klede som skal passe alle ("one size fits all")
✦ få på plass TV-møbelet i sin heilskap (før- og etterbilete)
✦ dette fine atelieret; så mange fine, gamle klede og andre fine, gamle ting
✦ vere eit døgn på Sola, for det var ei stund sidan sist
✦ desse finingane: eit fint ekorn, lille Penny, "hønepolitiet" og bittesmå andungar
✦ konsert med orkesteret onsdag (kjempekjekt å spele Shostakovich symfoni nr.5)
✦ fine ting om kjærleik: "10 år tilsammans" og denne videoen
✦ fortsetje med gåturane våre, i yr og herleg vårvêr
✦ nydeleg gul og kvit brudekjole og mange fine og vakre bryllaupskaker
✦ løyse kryssord saman med den finaste
✦ "kvardagskunst" og denne fantastiske måten å måle på
✦ høyre på valsemusikk og prøve å finne "vår" song
✦ om denne boka og om denne (sistnemnde jo berre inn i bokhylla vår)

Legg igjen ein fin tanke