1. mar. 2015

Blomar, regn og Harry Potter

Ferdig med fire jobbdagar på rad, i morgon er det skulen igjen. Eg prøver jo å seie "ja" til ekstravakter når eg kan. Sidan skuleoppgåva nettopp var levert, og det ikkje var så mykje anna skulerelatert som skulle skje denne veka, så passa det å jobbe fire dagar i same slengen. Kjekt å kunne jobbe litt der også, og då særskilt før Gamlingen stenger for godt heilt i slutten av august (og ja, det kjem jo ein ny, men det er ikkje før om to år). Veka som kjem blir travel for vår del, men det er no heilt greitt det også innimellom. Under kan ein sjå mi fine, lille sundagsliste:

✦ kjøpe roser til heimen fyrste dagen i veka
✦ dette fine rommet hos Sandra
✦ sykle forbi dei fine endene og svanene fire dagar på rad (på veg til jobb på Gamlingen)
✦ rare, herlege reklamesnuttar av vår favorittregissør Wes Anderson
✦ gå tur i regnvêret, sjå fine blomar og berre vere litt sprø
✦ høyre temaet frå Love Story av ein gatemusikant nede i sentrum
✦ sjå ein barnehagelærar sitje med gitaren og syngje for ungane rett utanfor skulevindauget måndagsmorgon
✦ le av, og kjenne meg igjen i, ein frase i Harry Potter-boka (og denne, denne og denne)
✦ nokre fine prosjekt og idéar i samband med februartemaet av Monthly Makers: herher og her
✦ å lese om sterke personar i artiklar som denne og denne
✦ "Hverdagslykke: Kaffi" – akkurat slik er det her hos oss også :)
✦ fine, søte og morosame dyr: fugl som "lager kaffi", leiken elefantunge, liten og ein endå mindre geitekilling, den raraste katten og den søtaste "pigleten"
✦ "Hvorfor ikke være her og nå?" og "Musikkens magi" (den siste om musikken til blant anna finaste The Grand Budapest Hotel)

2 kommentarer:

Sandra sa...

Tack snälla för att mitt inlägg fick vara med här ovan :)
Blev så himla sugen på att fotografera snödroppar nu, men jag tror inte det finns några här än :(

Silje sa...

Bare hyggelig, Sandra! Synes det er kjekt å kunne dele fine innlegg videre :) Og ja, de blomstene er så nydelige!