4. mar. 2015

Endå eit møbel på plass :)

Endeleg! Etter mykje om og men, er TV-møbelet vårt på plass i sin heilskap. Me kjøpte det i haust hos Fagmøbler, og i midten av desember var begge skapa og sjølve TV-benken på plass. Men sidan det er betongvegg, er det ikkje berre berre å få på plass hyller, noko som var tilfellet med den som følgde med i TV-møbelpakka. Pappa var innom for nokre veker sidan med eit slagbor, men måtte visst ha større bor. Så fyrst på sundag, då eg var på jobb, fekk karane endeleg fiksa det. Ein del styr var det, for skruene var for lange, men det ordna seg til slutt, og me kunne ikkje vore meir nøgde enn det me er no. Skapa er ikkje heilt fylt opp enno, men det til venstre rommar foreløpig mi fine lille steinsamling :) Hylla blei så fin med eit par bilete og ikkje minst kule kaktusar oppi dei stilige krusa me fekk av dei på Ski då me var der i januar. Og viss nokon lurer, så er fargen på bileta blitt litt duse etter opplasting (til dømes så er lampa mykje meir knallgul og veggen er meir sterk i fargen). Men de får no i alle fall eit inntrykk av korleis den delen av stova vår ser ut :)

3 kommentarer:

Ida sa...

Det så utrolig fint ut! Praktisk med tv-benk med hyller/skuffer. Selv bruker vi bare et lite bord fra IKEA som vi kjøpte for 40 kroner eller noe, haha, ikke akkurat det mest praktiske i verden, men det duger! Og for en utrolig kul lampe! Gul er ikke det jeg normalt går etter, men har sett lignende gule lamper flere steder og må innrømme (høhø) at de er utrolig stilige.

Moder'n fra Møre sa...

Lurer på om dere får plass til møbelet som står lagret her :-) ?
Og minn Å på at han har en nydelig stein her fra Briksdalsbreen. Om dere tar med den til Stvg så kommer jeg til å savne den. Den pynter godt opp i hylla...

Silje sa...

Ida: Tusen takk! Me var litt usikre på den gule lampa sjølv ei stund, men klarte ikkje å gløyme den heilt. Og då den fyrst kom inn i stova, blei me supernøgde! :) Og – IKEA funkar jo det også ;)

MM: Joda, den skjenken har me plass til :) Den skal stå på motsett side av stova, så ingen fare ;)