20. mars 2015

I gangen vår

Etter at me fekk ramma inn Cinema Paradiso-plakaten vår, er den lille kroken i gangen vår no komplett. Dei små borda, koppen med det herlege sitatet og telyshaldarane, er kjøpt på Søstrene Grene (telyshaldarane er trekt tilbake på grunn av feil, så me bruker dei ikkje med ekte telys, kun med slike batteridrivne telys som ikkje blir så varme). Dei små pyntesteinane er frå ein butikk i Kr.sand. Når det gjeld plakatane, har me plukka ut nokre fine og stilige plakatar frå filmar e.l. som me begge to liker veldig godt. Wes Anderson er, som tidlegare nemnt, vår favorittregissør, og plakaten frå denne etsy-butikken passar rett inn. Up er også ein favoritt, og plakaten blei tinga herifrå (nærbilete av plakaten kan ein sjå her). I dei to minste rammene, finn ein illustrasjonar frå Harry Potter-universet og frå filmen Once, og bileta er frå denne etsy-butikken. Jepp, eg liker etsy.com :) Cinema Paradiso-plakaten blei kjøpt på amazon.com, og med ein krok som no er fylt med fine filmplakatar, er det blitt eit pent blikkfang med ein gong ein kjem inn i leilegheita.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Etsy har så utrolig mye fint bare man leter litt! ^^ og alt Harry Potter er jo fantastisk. Likte kroken deres utrolig godt. Dere har funnet mye fint :)

Silje sa...

På etsy har eg funne alt frå den kulaste retrokjolen til dei finaste gåvene, så ja, etsy har mykje fint, særksilt om ein tar seg tid til å leite ^^ Det er vel eg som er Harry Potter-fan her i huset, men han finn seg no i det ;) Og ja, no er me endeleg nøgd med den lille kroken vår :D

Legg igjen ein fin tanke