2. mars 2015

Frukost i Amerika

Medan eg sat her med ein kaffikopp tidlegare i dag, kom eg plutseleg til å tenkje på den eine morgonen i New York då me gjekk ut for å ete amerikansk frukost. Veit ikkje heilt kvifor eg byrja å tenkje på akkurat den opplevinga, men det gjorde eg altså. Dei andre dagane i byen, åt me ein heilt enkel frukost "heime", med andre ord: i den leilegheita me leide medan me var der. Så det å gå ut og ete ein såpass tung og mektig frukost var jo noko heilt anna. Det var rett og slett ei eiga oppleving! Me gjekk nokre kvartal i nabolaget før me fann ein plass med akkurat den frukosten som me såg for oss. Kaféen var akkurat slik ein ser på film med raudt skinntrekk på seta, fiffige lamper i taket og så klart frukosten: tjukke pannekaker med sirup og melis på (min betre halvdel hadde bacon i tillegg). Fy flaten, det var så himla mektig, og for min del heldt det verkeleg med den eine gongen. Joda, godt var det, men eg nøyer meg heller med kokt egg på ei rista brødskive, eit glas med juice og ein kopp eller to med kaffi. Den perfekte frukosten i mine auge!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Julianne sa...

Enig! Selv om den frokosten ser supergod ut foretrekker jeg den vi har i Norge. Sukker til frokost er jeg ikke veldig glad i :P

Silje sa...

Me "måtte" jo prøve det når me fyrst var i New York i to veker, men det heldt som sagt med den eine morgonen ;)

Legg igjen ein fin tanke