6. mars 2015

Bryllaupsinvitasjonane

Og slik ser altså invitasjonane våre ut! I januar la eg ut ein liten sniktitt, og no når dei er sendt ut, tenkte eg at eg kunne vise dei, sånn på ordentleg. Eg har lenge visst at eg ville gjere invitasjonane sjølv, ein jobb som har vore kjekk og vanskeleg. For me var innom mange forskjellige variantar, skrifttypar og fargar før me etter ei lang stund endeleg kom fram til det ein kan sjå på bileta. Alle invitasjonane blei knipsa saman til ei vifte og knytt med blå, grøn eller brunaktig tråd. Me valde ein fin løkkeskriftfont til forsida og ein enkel til resten av informasjonen inne i invitasjonen. Den kongeblå fargen går igjen, som til dømes i prikkane og hjartet av fingeravtrykk (er det nokon som er over gjennomsnittet glad i den fargen mon tru?!). Prikkane som element kan lett brukast til kyrkjeprogram, meny, bordkort og anna, så det var noko av grunnen til at me enda opp med den varianten. Det er sikkert ein del ting me kunne gjort annleis om me skulle gjort det om igjen, men alt i alt er dette eit resultat me kan seie oss nøgde med. Berre tre snaue månadar igjen 

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ingvild S L sa...

Så fine de er! Det er ganske stas å kunne invitere med noe selvlaga :D

Silje sa...

Tusen takk, Ingvild! Synest å hugse at du gjorde det same sjølv?! ;) Og ja, det er noko spesielt med å lage noko sjølv og kunne gje det vidare :)

Ingvild S L sa...

Ja, lagde våre selv med to lag; et akvarelleark og et kalkerpapir som var sydd sammen i bretten :)

Silje sa...

Dei var så fine! :) Og tommel opp for å skape og gjere det sjølv!

Legg igjen ein fin tanke