2. feb. 2015

Sol og gåtur fyrste sundagen i februar

Sola skin like mykje i dag som i går, og difor var det eigentleg heilt greitt å stå opp halv åtte i dag tidleg. Eg er jo verkeleg ikkje ein morgonperson eller noko særskilt glad i måndagar, men med så mykje dagslys og varmande sol, kunne ikkje starten på veka vore betre :) Hadde med meg kameraet då me var ute på gåturen vår i går. Me traff på ein finfin katt, såg eit velta tre inne i ein liten skog og fine fargar i naturen. Me åt ein vaffel på deling og tok nokre bilete av kvarandre høgt, høgt oppe. Og eit bilete av utsikta før me gjekk heim igjen. Besteste sundagsturen på lenge :D

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Flotte bilder og utsikt :-)

Silje sa...

Kan til og med sjå blokka vår på det siste biletet ;)

Julianne sa...

Herlige bilder! Det er jo så fantastisk når sola titter frem :) man får liksom litt ekstra med håp og glede i magen om at året som kommer blir bedre/minst like bra som i fjor :D Du får komme hit med symaskinen så skal vi få det til å gå varme i den ;) Jeg må le litt, for jeg har overveldende mye stoff til å ikke eie en symaskin! Klem fra Julianne <3

Silje sa...

Tusen takk, Julianne! Ja, den sola har vore etterlengta, så me har prøvd å vere ute litt kvar dag :) Har arva mamma sin gamle symaskin, og i haust hjalp ho meg med å sy gardiner til leilegheita vår. Men å skulle hugse korleis eg trer tråden og slike ting, akk, det må eg framleis lære meg ;)

Legg igjen ein fin tanke