29. mai 2014

Ei lita helsing frå Island

Eit lite biletedryss frå oss på Island! Me har det alle tiders, og det heile starta med gratis mat på Sola lufthavn fordi flyavgangen vår hadde blitt utsatt til seint på kvelden (sjølv om me visste det for over to veker sidan...). Flyturen gjekk veldig greitt, og me fann fint fram til leiligheita sjølv om klokka var ett, lokal tid, då me kom fram. I går bada me i byens største svømmeanlegg, Laugardaslaug, og det var berre herleg! Hadde ein liten shoppingrunde også før me tok kvelden (og dei har visst rustne menn her i byen, akkurat som i Stavanger). Tidleg opp i dag, for me skulle på busstur for å sjå The Golden Circle - ein rundtur der me får sjå både Geysir, Gullfossen og Thingvellir. Kjempekjekk tur, og eg må seie at Gullfossen var vel høgdepunktet. Kunne ha lagt ut så utruleg mange bilete, men eg skal spare dykk for det ;) I morgon skal me bade i The Blue Lagoon, så ja, me er ordentleg turistar. Kanskje drar me tilbake ein gong, leiger oss ein bil og køyrer rundt på Island sjølve, sånn ei vekes tid?! Island har mykje å by, og det er nesten litt dumt at me drar vidare allereie på laurdag. Sånn til slutt: gratulerer med bryllaupsdagen, mamma og pappa!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Å, så flotte bilder! Jeg misunner dere litt :-) Jeg trodde at Den Blå Lagunen var størst, og at det var der dere var i går, men de har vel mange badeanlegg på denne øya. De har jo rikelig med varmt vatn :-) Skulle gjerne vært med dere i morgen... Kos dere!

Silje sa...

Har mange fleire bilete kan du tru, men du får heller sjå dei på dataen når min betre halvdel tar seg ein tur oppover ;) Som du skjønner så har me det veldig fint, og me gleder oss til i morgon, ja :) Skal helse så mykje!

Anonym sa...

Wonderful and interesting landscape! Good luck to you both!
Greetings from Bavaria!

Silje sa...

Thanks! Iceland is a very strange and beautiful country, and we would love to travel back here one day. Today we bathed in The Blue Lagoon, and it was just perfect! Tomorrow we are travelling to NYC, and we look foreward to that :)

Legg igjen ein fin tanke