14. mai 2014
Forandringar
Ny frisyre til den syttande. Kjensla av slitt hår som blir klipt av, som dett ned på golvet, er for meg fantastisk! Kjenner meg ein del kilo lettare med ein gong :) Men den største forandringen: me flyttar til Stavanger til hausten! Eg kom inn på det masterstudiet eg hadde mest lyst til, master i lesevitskap. Veldig greitt å vite det allereie no, og ekstra kjekt at eg kom inn på fyrstevalet mitt! Etter at håret var klipt på oss begge to i går, var me på Aquarama der me fyrst svømte nokre rundar før me etter kvart berre slappa av i dei varme bassenga, sat litt i badstova og rann i skliene. Finfin dag med andre ord. Og då me kom heim, var det rett ut for å ta bilete av håret i vinden. Glad og nøgd, både med frisyren og med skuleplass. Og at me om tretten dagar sit på flyet :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Gratulerer med studieplassen og "nytt" hår! Men om dere flytter dere litt lenger vest så blir det uansett en "amerikareise" for oss om vi skal besøke dere! Ålesund neste...??
Me er i alle fall nøgde med at det blei Stavanger, så får me sjå kor me vil etterpå (me blir der jo uansett i min.to år). Og ja, ordentleg nøgd med håret også :)
Legg igjen ein fin tanke