Ein ny månad, og ei ny veke, er her. Sommarkonserten med brassbandet nærmar seg, det same gjer nasjonaldagen. Og flyttedagen. Og sist, men ikkje minst, reisedagen. Som eg allereie har nemnt nokre gongar, så kjem mai til å fly av stad, og før me veit ordet av det er me av garde til "det store utland". Eg gleder meg! Før denne veka tar til for fullt, vil eg berre poste eit innlegg med fine lenkjer og andre fine ting som har fått meg til å le, smile eller rett og slett berre vere glad:
✦ om berre tre veker og ein dag sit me på flyet
✦ litt nerdete, men "If Harry Potter was an Anime"
✦ tulipan i forskjellige fargar
✦ søt kylling og endå søtare babyelefantar (ja, eg er nok glad i dyreungar)
✦ gå turar saman med verdas beste i vårvêret
✦ sjå den siste episoden av Poirot, noko som var veldig vemodig, samstundes som det var veldig fint og ein verdig avslutning
✦ "ja, eg klarte det"
✦ å le av desse vittige svara og denne teikneseriestripa
✦ så utruleg nydelege bilete i dette blogginnlegget
✦ tulle og tøyse i senga om morgonen før me står opp og tar fatt på dagen :)
✦ veit ikkje om eg er klar til å gjere dette med min brudekjole, men nokre av desse bileta er ganske så stilige
✦ "Truest Facts Ever" – her var det mykje artig :)
✦ forlatne stadar kan faktisk vere ganske fine
✦ kafédate i byen med ei veldig god veninne
✦ tenk å vere så kreativ og flink med hendene; dette er jo berre fantastisk å sjå på
Legg igjen ein fin tanke