9. feb. 2014
Jubelscenar!
For ein dag det var i går! Det er alt eg kan seie! Etter spelinga på fredag, var nok dei fleste einige i at det kunne gått betre, og det kunne gått verre. Er vanskeleg å seie noko om det sånn rett etter å ha spelt. Me hadde uansett ein fin kveld med middag ute på restaurant og ein liten fest på eit av romma. I går stod me opp, åt god hotellfrukost, og da klokka var halv eitt, blei eg henta av ei god veninne som bur her i byen (ei eg gjekk i klasse med på vidaregåande). Eg var hos ho i nesten fem timar og me prata, mimra, lo og hadde det kjempehyggeleg! Etter kvart var det på tide å returnere til korpsgjengen, og resten av kvelden sat me på eit hotellrom og var veldig spente før premieutdelinga. Me såg den på TV2 Sumo (nokre sat i salen), og då det var vår divisjon som skulle bli ropt opp, var spenninga verkeleg til å ta og føle på. Eg måtte til og med gå ut litt. Eitt og eitt korps blei ropt opp, og plutseleg var det berre tre representantar (frå tre korps) igjen på scenen. Då me ikkje blei ropt opp som nummer ein, sukka me litt, men eit sekund etterpå jubla me vilt. Eg trur nesten ikkje me skjønte at me hadde tatt andreplassen, andreplass i 3.divisjon med heile 96 poeng! Me skreik, klemte kvarandre og mange av jentene gret. Gledestårer! Så innmari, innmari gøy! Etter kvart kom dei som hadde vore i salen bort til oss andre med dommerkommentarane og pokalen. Den eine av dommarane skreiv til og med at "Vakker slutt med god klang, kammermusikk og musikalsk overskudd spilt av gode musikere gjør dette til dagens høydepunkt for meg". Trur ikkje eg har skjønt det heilt enno, men takk til alle som høyrde på oss, både i salen og heime i stova. For ein herleg gjeng å vere på tur med, spele med, le (og gråte litt) med, juble med!
Merkelapp
korps og orkester
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Gratulerer med supert resultat! Åsmund sa at dere var bare sånn passe fornøyd etter spillinga, men da jeg fikk hørt dere ordentlig på opptak så syns jeg dere spilte helt flott, og at dere hadde et veldig fint stykke. Ikke så veldig typisk konkurransestykke, men noe som var behagelig å høre på. Og ikke hørte jeg noe grums :-) så jeg tenkte at dere nok fikk en bra plassering.
Vi så også festkonserten og premieutdelinga på Sumo, og det var veldig spennende da dere sto igjen blant de tre beste! Det samme med Ørskog, vet du - heier jo på dem også. Og på toppen av alt vant Langhus sin divisjon. Jeg følger med dem også, sjøl om den broderen som bor der ikke er brasser :-)
Du kan tru stemninga var høg då resultata blei lese opp i går, ja! Me fekk med oss alle plasseringane, og det er alltid veldig kjekt å høyre at andre korps som me har relasjonar til gjer det bra :) Tusen takk for fin gratulasjon, skal helse så mykje frå han som sit her i sofaen ved sidan av meg ;)
Legg igjen ein fin tanke