10. feb. 2014

Flott slutt på ei herleg helg

Når ein er sliten og trøytt etter ei lang (men så klart veldig fin) helg, er det utruleg koseleg å komme heim til ei fin, lita gåve i postkassa. Det gjorde eg i går, og det var ei forsinka julegåve frå ei av dei eg gjekk på folkehøgskulen med. Sjølv om me ikkje ser kvarandre så ofte, har me klart å halde kontakten, og det er eg ordentleg glad for! Gleder meg til å bruke det sjølvfarga garnnøstet og også til å lese den fine boka! Tusen takk :) Og så – no kan eg endeleg få lov til å seie at eg må byrje å lære meg å bli kalla "tante Silje". Min kommande svoger og hans kone er no komme heim etter sju veker i Chile med tre flotte ungar, ein søskenflokk med to jenter og ein gut. Det skal bli kjekt å etter kvart få møte dei og bli kjent med dei :) Vil gratulere den nye familien og ønskje dykk alle lykke til!

2 kommentarer:

Moder'n på Møre sa...

Hei Tante Silje :-)
Når dere (forhåpentligvis) treffer smårollingene i mai, så har de nok lært nok norsk til å si "tante" og "onkel". I går lærte minstemann å si "tante Emma", men hadde større problemer med navnet til grandonkelen - det kan jo være litt uvant for oss norske også :-) Men de lærer nok fort, skjønt jeg har lurt litt på om de vil bli ganske språkforvirret: østlandsdialekt til daglig, sunnmørsk fra pappa og onkler + farfar, så kommer jeg med min trøndersk og du og de andre Rogalandslektningene med et noe vanskelig språk (unnskyld Silje!) Og på toppen av det hele besteforeldre, onkel og tante som snakker tysk!! Stakkars unger!
For øvrig sa tante Emma at den vesle tassen var en artig fyr, så jeg gleder meg til vi møter gjengen!
Hilsen fra Farmor på Møre!

PS: Har du landet etter helgen??

Silje sa...

Ja, no får me sjå korleis det blir :) Eg har sjølv eit søskenbarn som er trespråkleg og det går sånn tåleleg greit ;) Blir i alle fall kjekt å sjå dei :) Har byrja å lande litt no. Nettopp komme heim frå korpsøving, og no er det heilt andre songar som står på programmet. Men må jo seie at eg enno går rundt og smiler etter ei kanonkjekk helg!