23. feb. 2014

"3 Idiots"



I ny og ne hender det at ein ser ein film som sit i minnet lenge etterpå. Den franske filmen Intouchables er ein slik film, for å ikkje nemne ein av mine absolutte favorittar: Forrest Gump. I går såg me den indiske filmen 3 Idiots, og det er lenge sidan ein film har fått meg til å le så mykje i den eine augneblinken for så å få meg til å grine i den andre. Og den varar i godt over to timar, så du kan jo sjå for deg at det blei ein god del med tårar og latter her i heimen i går kveld, ja. Kort fortalt handlar filmen om to gamle studentkamerater som er på jakt etter den tredje kameraten i gjengen som dei ikkje har sett eller høyrd noko frå på mange, mange år. Medan dei reiser rundt for å finne han, får me sjå tilbakeblikk på deira dagar som studentar saman med tredjemann, han som lærte dei å tenkje annleis sjølv om mange kalla dei alle tre "idiotar". Her skjer det mykje rart (som fargerike danse- og musikkscenar) og fint. Eg må innrømme at innimellom er det nokre klisjéar og ein dose med moral. Men det blir aldri for mykje – filmen balanserer det heile så utruleg bra. Traileren verkar kanskje litt flåsete, for sjølve filmen har så mykje meir å by på. Anbefalast på det varmaste! Ein må ha god tid for å sjå den, men dei timane er absolutt verd det!

Legg igjen ein fin tanke