14. feb. 2014

Fortid, notid, framtid

Av og til tar eg meg sjølv i å mimre om det eg har opplevd så langt i livet. Andre gongar stoppar eg opp og tenkjer over livet mitt her og no. Og kven veit kva framtida bring med seg? Eg veit ikkje kvifor, men mykje av det eg har opplevd i løpet av dei åra eg har gått rundt her på jorda, skjønner eg ikkje heilt at det faktisk har skjedd. Slik som året mitt, dei ni månadane, på folkehøgskulen. Det var eit innhaldsrikt år med mange nye kjenningar, ei reise for livet, mykje latter og glede. Men eg skal ærleg innrømme at det også var eit tøft år psykisk: du lever oppå andre folk nesten tjuefire timar i døgnet, og når ein fyrst treng litt aleinetid, er det ikkje lett å rømme. Trass i det, så var det eit fantastisk år! Når eg ein gong innimellom blar gjennom bilete frå det året, skjønner eg nesten ikkje at det har skjedd. Det verkar som ein draum, noko som skjedde for veldig lenge sidan. Eg veit ikkje om andre også har det sånn av og til. Og mine tre år på musikklinja. Dei verkar bittelitt meir verkelege. Kanskje fordi det var tre år og ikkje berre ni månadar? Det var tre år med mange fine folk, mange lange og travle dagar, samstundes som det var mykje "lått og løye".

Og barne- og ungdomsskulen. Alle turane eg har vore med på med familien, med korpset. Kvar er alle desse åra blitt av? Har alt det eg har vore med på verkeleg skjedd? Ja, det har jo det, men eg kjenner at eg faktisk må tenkje meg om, sjå litt på bilete, mimre sånn ordentleg for å verkeleg forstå det. Det same gjer eg med notida. Altså, ikkje akkurat mimringa og det, men det å tenkje meg om, kjenne etter. Eg trur dei fleste av oss plutseleg oppdagar at ei veke, kanskje ein heil månad har gått forbi utan at ein eigentleg har nytt dagane til det fulle. Kvifor stressar me sånn? Kva er det eigentleg me traktar etter? Eg forstår ikkje kvifor så mange av oss har det slik. For all del; eg er ikkje så flink sjølv heller. Men eg prøver i alle fall å stoppe opp, ete ein god middag og ha god tid saman med han der fine, setje av tid til familie og vener, setje av tid til øving og av til berre litt tid til å vere meg. Nyte dei sekunda som fyk forbi før det er for seint.

Kva med framtida? Av og til skulle eg ønskje at me kunne sjå inn i den og vite kva som skulle hende i morgon, om eitt år, om ti. Men eg veit at det ikkje går. Og hadde me kunne gjort det og oppdaga at framtida byr på ein del problem, då hadde me jo berre gått rundt og grudd oss til det uansett. Ingen veit kva som skjer i morgon, om eitt år eller om ti år. Det einaste eg veit er at eg skal gripe dei dagane som kjem, dei moglegheitene som dukkar opp. Eg skal lage meg mange nye minne, minne som eg kjenner som om det var i går, medan andre som meir kjennast ut som at det heile var ein draum. Eg skal oppdage mange nye ting, vere saman med verdas beste, min familie, gode vener. Eg ska gjennom både ned- og oppturar. Framtida kjem til å bringe med seg mykje, akkurat som fortida og notida. Ja, dette er eit langt innlegg til meg å vere, og kort oppsummert vil eg berre seie at me må leve. Lage minne. Reise. Vere med venner. Slik at me har noko å sjå tilbake på. Nyt den tida du har akkurat no. Den kjem ikkje tilbake.

Kanskje litt mykje skribleri frå meg i dag, men av og til klør det i fingrane etter å skrive slike innlegg, lengre innlegg om noko eg går og tenkjer på. Håper alle mine lesarar får ei fin helg og ein flott Valentinsdag i dag, for eg er glad i dykk alle som ein. Her kjem me til å ta det heilt med ro, prøve å bli ordentleg friske. Men ein fin film, stearinlys og litt god mat blir det nok likevel :)

0 kommentarer: