5. feb. 2014

Datoen er klar!

30.mai 2015. Om eitt år og nesten fire månadar. Det er datoen for når me skal gifte oss, når me to skal gi kvarandre våre "ja" foran familie og vener. Eg har eigentleg alltid vore klar på at "mai-bryllaup, det vil ikkje eg ha". Men så har det seg sånn at mormor og morfar gifta seg 28.mai, mamma og pappa 29.mai, så når 30.mai neste år er på ein laurdag – det passar perfekt! Og så er det litt større sjanse for sol og blå himmel i mai enn i april. Kanskje. Ein veit jo aldri med vêret på Vestlandet. Alle detaljane er ikkje på plass, men sjølve vigselen blir i alle fall i Sørnes kyrkje på Sola. Eg synest det er spennande, skummelt, fint og kjekt på same tid; det er eit stort skritt å ta, for det er jo ikkje kvar dag ein giftar seg. Men eg veit at det er han eg vil dele livet mitt med 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

:-)) :-))

Og så må dere også ha tvi tvi i Brass-NM til helga. Skal nok se dere på Sumo :-)

Silje sa...

Tusen takk :D Det blir spennande å sjå, og eg må jo seie at eg gleder meg til me er ferdige på scenen og kan nyte langhelga i Bergen by :)

Legg igjen ein fin tanke