14. jul. 2013

Topp 5 – fargar

Hyttetur med familien, berre oss fire. Me har nettopp komme heim etter ei kjempefin og kjekk helg; bilete får komme i morgon, for eg må sjå igjennom dei fyrst. Men det er jo sundag, så her kjem i alle fall eit innlegg med mine topp fem, og i dag er det mine favorittfargar som skal til pers:

kongeblå - min absolutte favorittfarge, som på denne kjolen

raud - eg liker dei aller fleste raudfargar, men den knallraude er den aller finaste

turkis - alltid likt denne fargen, og gjerne med eit hint av mørkegrønt (slik at det nesten blir som nøstet på biletet)

mørk lilla - som duken på biletet

kvit - den kvite fargen kan ein kombinere med alt det måtte vere, og om ein ikkje vil ha det heilt krittkvitt, kan off-white vere tingen

Legg igjen ein fin tanke