15. jul. 2013

"Cranium"



Laurdagskveld enda me opp med å spele det artige brettspelet "Cranium". Det kan minne litt om klassikaren "Fantasi" med både miming og teikning, men i tillegg er det også om å gjere å forme noko med modelleire, teikne i blinde og etterlikne ein kjent person. Koseleg og herleg stemning med stearinlys, latter, grubling, kreativitet og fin familie! Hyttetur er alle tiders :)

Legg igjen ein fin tanke