I går kveld, etter ein fridag der eg brukte mesteparten av dagen til å rydde i bilete og frigjere mykje plass på maskinen min, fekk mamma og eg ein idé om å gå opp på loftet for å kikke på gamle klede. Det er like spennande kvar gong, det å gå på skattejakt på loftet; nesten som ei lita oppdagingsferd. Jaggu fann me mykje rart, men også klede som passar meg og som eg antakeleg kjem til å bruke. Tre av desse kan du sjå på biletet ovanfor; den kvite kjolen brukte faktisk mamma dagen etter at ho og pappa gifta seg! Dei to finaste kjolane må fiksast litt før eg eventuelt kan bruke dei, noko som eg håper skjer snart, for dei er så utruleg fine; altfor fine til å berre henge på loftet!
Legg igjen ein fin tanke