11. juli 2013

Hafrsfjord

På tysdag var eg faktisk den fyrste på sykkel rundt Hafrsfjord. Sykkelteljaren fungerer igjen, så då måtte eg jo stoppe for å ta bilete ;) Og så er det landsleir for speidarane rett ved Hafrsfjord, så eg tok bilete (på veg heim då) av leiren og av "Tre sverd i fjell". Innanfor leiren har dei bygt eit stort tårn på ca. 20 meter, noko som ein kan skimte til høgre i biletet. Stilig! Siste dag på morgonskiftet i morgo. Så blir det hyttetur i helga, og det kjem til å bli fint og kjekt etter ei slik jobbveke :)

Legg igjen ein fin tanke