9. juli 2013

Milo





Dette er Milo, ein hund eg traff fyrste gong på hytta i påska. Sjeldan eg fell sånn for hundar, men Milo er ein kjempefin og søt hund, og ikkje minst er han veldig fotogen. Så då ei veninne tok han med seg hit til oss på sundag, blei det ikkje berre prating – det blei også litt fotografering. Fine Milo, og så klart veldig koseleg med besøk frå ho veninna mi som eg ikkje sett på ei god stund. Morgonskiftet er i gong. Syklinga går greitt, men huff; det er tungt å stå opp midt på natta, og så halde seg vaken på jobb etter å ha sykla når klokka ikkje har passert seks. Men berre tre dagar igjen med dette skiftet, så det skal nok gå fint. Har det jo kjekt med folka, og det er det viktigaste :)

Legg igjen ein fin tanke