7. juli 2013

Topp 5 – bloggar

Via bloglovin' følgjer eg ein del bloggarar, og i dag skal eg prøve å plukke ut mine fem favorittar blant dei. Eg les veldig få bloggar om berre mote eller berre om trening og mat, eg liker aller best å lese ein blogg som inneheld litt av kvart – fine tekster og bilete, litt mote, DIY og oppskrifter. Bloggen Billa - hobbydilla, som ei mine beste veninner driv, vil jo alltid vere ein blogg som kjem høgt på ei slik liste, nettopp fordi eg personleg kjenner ho som skriv bloggen. Så for at andre skal få plass på lista, nemner eg bloggen i innlegget, men ikkje i sjølve lista (vil jo nesten seie at det er heidersplassen; det å bli nemnt så spesifikt i innlegget). Meir er det ikkje å seie, for her kjem dei:

A Beautiful Mess - ein blogg som blir skrive at to systrer der dei skriv om alt frå DIY til matoppskrifter, litt mote og bryllaupsinspirasjon

Fab Fashion For Less - her finn du mange fine bilete med både dyr og ikkje fullt så dyr mote, og elles er det ein fin kvardagsblogg

Hjartesmil - fargerik, nynorsk, fantastisk nydelege bilete og så mykje fin inspirasjon, og til hausten skal ho som skriv bloggen og kjærasten gi ut ei bok

Krist.in - grafisk designar som skriv om alt frå mote til interiør og bryllaup

Girl with Curves - det går an å kle seg i farger og fine plagg sjølv om ein har kurver og former; ein kjempeinspirerande blogg

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Unknown sa...

Nyter hedersplassen min :-D Koselig å bli nevnt ;-)

Silje sa...

He, he! Eg håpte du ville like den :) Ønskjer deg ein finfin sommar, vennen! :D

Unknown sa...

Ønsker deg å en god sommer :-) Klem ♥

Legg igjen ein fin tanke