11. des. 2012

Vinterdag på fjellet

Eg lar biletet tale for seg sjølv! Pappa og eg var oppom hytta i går med litt "juleproviant", og der møtte me dette nydelege synet. Sola stod høgt på himmelen, snøen var krittkvit og det var is på vatnet. Me bar ved opp til hytta, sette fram litt juledekor og elles sjekka at alt stod bra til. På veg heim, om bord på ferja, fekk me sjå ein nydeleg solnedgang (bilete kjem seinare)! Herleg tur ein ordentleg, fin vinterdag. Har fått unnagjort litt julehandling i dag; i kveld kjem kjærasten min hit :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Fin hytte - og et utrolig flott vær, slik som det har vært mye av på Vestlandet de siste ukene!
Du må hilse til kjæresten, da! Snart kommer han inn døra til ho mor også..... Vi ser fram til det :-)

Silje sa...

Ja, me var veldig heldige med vêret i går. Skal hilse så mykje til han når han kjem hit ein gong utpå kvelden :)

Legg igjen ein fin tanke