14. des. 2012

Fire fine år!

Tida går utruleg fort! Tenk at det allereie er fire år sidan me to, han der fine sambuaren og eg, blei saman. Det er fire år sidan fyrste gong me kyssa, det er fire år sidan fyrste gong me heldt hender, det er to og eit halvt år sidan me flytta saman, det er eit og eit halvt år sidan me flytta saman til bustad nr. to. Me har opplevd mykje i løpet av desse fire åra. Eg budde jo eit år på folkehøgskule utan han, før me flytta saman, men det gjekk eigentleg ganske bra. Så klart var det mykje saknad, men eg trur det er bra å kunne oppleve ting på eiga hand også. Det året opplevde eg så utruleg mykje, eg vaks, og sjølv om det var utan han, har eg aldri angra på at eg følgde draumen min om eit år på folkehøgskule før ein eventuell høgare utdanning. Eg er glad for at me tok sjansen på å bu vekke frå kvarandre, og eg er glad for at me tok sjansen på å flytte saman sjølv om eg då syntest at det var litt skummelt. Me er ikkje alltid einige om ting og tang, men me utfordrar kvarandre; me blir jo einige til slutt (om ikkje anna, så blir me einige om at me er ueinige). Gratulerer med dagen!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Ja - gratulerer så masse med dagen fra oss i Nordvest! Har kommunisert litt med "han fine" på sms - mens jeg satt og venta på influensavaksina :-( - og sa at etter dagens målestokk så er dere ganske utholdende! Uenige må dere gjerne være, men det går det an å komme forbi. Og så har dere jo, begge to, gode forbilder - ikke sant? Dere kan jo sette dere som mål å slå opphavet i antall år :-)).....

Silje sa...

Tusen takk til begge to (eller alle tre...) ;) Her har me nettopp kome heim i frå julehandling og kinotur, noko som var veldig koseleg. I morgon reiser han tilbake til Kr.sand, før han kjem att hit på onsdag, og så ber det til Sjøholt neste helg :) Og så vil eg ynskje dykk alle ei fin førjulstid!

Legg igjen ein fin tanke