17. okt. 2022

Brixham







Tysdag midt i juli og me skulle ha vore på veg til Thirsk. Slik blei det ikkje – alle toga stod på grunn av fare for solslyng. Dimed fekk me plutseleg ein dag ekstra i Paignton. Me hadde jo ikkje reikna med den dagen og hadde ingen plan, men etter tips frå dei me budde hos, tok me buss ut til kystbyen Brixham. Også der fanga dei pastellfarga husa blikket mitt. Det går an å gå ut til eit lite fyrtårn, og me var på veg dit då himmelen opna seg og det byrja å regne i små byger. Regnjakkene låg igjen på vertshuset, så det blei ikkje lange turen på oss. Litt skuffa, men alle dei fine steinane på stranda, flott utsikt og knallgode scones med syltetøy og clotted cream vog opp for at det ikkje blei fyrtårntur (og om du skulle vere i Brixham nokon gong: besøk Crafty Cwtch Tea Room for den besteste cream teaen!). Å finne ein stilig kjole i ein bruktbutikk for femti kroner, klagar eg heller ikkje på. Seinare på dagen åt me vegetarlasagne på ein lokal pub i Paignton, pakka tinga våre og slappa av (me hadde fått vaska klede på eit vaskeri dagen før). Neste stopp: Settle. Neste stopp her i heimen no: strikketøyet.

16. okt. 2022

Haustferie med fullt trøkk




Lenge sidan det har vore ei så travel veke som denne. Det er fyrst og fremst på jobben det har vore travelt: haustferie og dårleg vêr = mange som vil inn og utforske Vitenfabrikken. Har hatt relativt få planar om kveldane, og det var godt sidan eg trong å berre kvile hovudet og kroppen etter trøkk frå morgonen til utpå ettermiddagen. Men gøy var det på ein måte lell, å få oppleve kor populært det er for både små og store. Åt middag og prata lenge med to gode veninner på onsdagskveld, rett og slett kjempekoseleg. Luftetur i går då sola titta fram, elles har det vore ordentleg ruskevêr i helga, og eg har kost meg inne med bøker og strikketøy. Satsar på at veka som kjem blir rolegare, for at det var eit høgt tempo på jobb no i haustferien, det kan eg (som allereie nemnt) skrive under på. Og det var vel eigentleg det, er ikkje mykje nytt som har skjedd. Ei sundagsliste kjem som vanleg uansett:
 
✦ fuglesong på veg til jobb
✦ Christie har ikkje skrive nye noveller, likevel har eg kost meg med desse Marple-historiene
✦ mykje strikke- og lesetid i helga
✦ eit lite oktoberinnlegg inne hos Tea, books and Gilmore Girls
✦ og eit finfint haustinnlegg inne hos Et katteliv
✦ ete ein knallgod hjortemiddag no i kveld
✦ kjekt å møte kjentfolk på jobb som eg ikkje har sett på lenge (dei var på haustferiebesøk) 
✦ å, som eg liker den minionen som nokon har bygd på LEGO-veggen
✦ tihi, måtte smile stort av denne videoen der eit ekorn plutseleg ser eit piggsvin
✦ superkoseleg å ete middag, prate, le, strikke og drikke te med to gode veninner midt i veka
✦ for ein soloppgang eg fekk oppleve onsdagsmorgon
✦ sjølv om eg syntest boka Lucy var litt keisam, likte eg temaet
✦ knallflotte smykke laga av fimoleire i alle moglege fargar
✦ sjølv om det var travelt, var det også gøy å sjå kor mange som ville utforske Vitenfabrikken
✦ haustblad på eit tre på veg frå til toget ein av dagane 
✦ "Hold om hverandre" – Tore Renberg, altså, han kan det å setje ord på vanskelege tankar
✦ kult med ein klinkekulevegg oppe ved dominobana
✦ ha på meg ein stilig, rutete vest på jobb 
✦ blir framleis like sjarmert over sjå Haru, den skjønnaste, lille pusen
✦ haustfargane på Sandnes kirke midt i sentrum
✦ byrje å sjå den siste Ringenes herre-filmen
✦ og Billy Boyd som Pippin når han syng "The Edge of Night", eg får gåsehud kvar gong!

15. okt. 2022

Damplokomotivtur langt sør i England




Etter å ha tatt oss ein liten dupp i sjøen, åt me ein enkel lunsj på vertshuset. Og så blei det jaggu meg ein damplokomotivtur frå Paignton til Kinsgwear. Av og til stoppar dette toget ved Greenway Halt, ikkje langt unna Greenway House, men som tidlegare nemnt gjorde den ikkje det då me var der, bra tur blei det likevel. Dartmouth Steam Railway er ei togrute som opna i 1859. Dryge hundre år etterpå, i 1972, blei den stengd for vanleg trafikk, og no er det fyrst og fremst ei historisk togrute med damplok, gamle kupéar med stilige setetrekk og perfekt for oss som liker å reise tilbake i tid.




Vel framme i Kingswear, var me ikkje lenge der, for det var Dartmouth som var det endelege målet. Inkludert i togbilletten er nemleg den lille passasjerferja over elva Dart, frå Kingswear til Dartmouth. Hus oppover fjellsida i herlege pastellfargar og ei bittelita minibilferje (som mannen min sa: den hadde ikkje klart seg over Boknafjorden!). Framleis var sola høgt på himmelen, og vel over elva fann me ein iskrembutikk. Kvar vår gelato smakte godt på ein slik solskinsdag,




Me hadde ingen spesiell plan for utflukten vår, anna enn å utforske ein ny stad. Traska rundt i byen, koseleg å slappe av litt ved ein fin paviljong og eg blei ekstra fascinert av byggestilen på mange av husa nede ved hamna. Etter kvart hadde me fått nok sol, og me tok ferja over til Kingswear igjen. Stilig retrostil på togstasjonen der damplokomotivet stod klart til å ta oss tilbake til Paignton.




Gøy å ta ein slik historisk togtur gjennom både skog og sjå, land og strand. Frå togvindauget kunne me sjå folk som bada på stranda og me fekk flott utsikt over landskapet i Devon. At me var i området i fire heile dagar, fekk til å besøke Agatha Christies feriehus, sjå ein miniatyrlandsby, badesvipptur i sjøen, reise med eit historisk tog og berre slappe av – absolutt ein sommarferie me kan like.

14. okt. 2022

Dupp i sjøen nær ein badeby


Stor kontrast å sjå på desse solfylte bileta medan det bøttar ned ute. For me fekk kanonbra vêr då me var i Devon-området (me slapp unna den verste hetebølga sidan den var akkurat litt lengre nord enn det me var dei dagane det var ordentleg ille), og måndagen prøvde me ut badetemperaturen. Frå der me budde og til nærmaste strand var det snaue ti minuttar å gå og me traska ned i badesko. Digga alle dei fargerike badehusa! Ikkje så lett å sjå at det var ei lita strand, for det var høgvatn då me var der. Men me klarte å leggje frå oss handkleda og nærmast gjekk uti vatnet.




Som vanleg var det ein av oss som var meir gira på å bade enn den andre, kan du gjette kven?! Hi, hi, eg syntest tempen var heilt herleg og storkoste meg med ein minisvømmetur i ny, kongeblå badedrakt. Stornøgd med å ha bada i sjøen nær badebyen Torquay, kjekt sommarminne!

12. okt. 2022

Sundagsettermiddag på Sola


Sundagsmiddag heime på Sola. På menyen stod det viltkarbonadar med diverse godt tilbehør, noko som smakte heilt ypperleg. Til dessert hadde mamma laga ei sjokoladekladdkake med frisk bringebærmousse på toppen. Nam, seier eg berre, for den var supergod! Zalo fekk ikkje smake på maten denne gongen, men han var med på å ta oppvasken – i alle fall når pappa, favorittpersonen, står på kjøkkenet. Tihi, du veit kva du vil, Zalo, det skal vere sikkert og visst! ;)

10. okt. 2022

Berømt båthus




Fullt trøkk på jobben i dag, det er veldig tydeleg at det er haustferie. Prøver å senke skuldrene med roleg musikk og eit lite tilbakeblikk på turen vår ut til Greenway House. Etter at me hadde vore på ei ordentleg oppdagingsferd inne i huset, gjekk me ein liten runde rundt det ute. Såg ein knallstor rhododendron rett ved den eine husveggen, og det var litt av eit syn! Me ville sjå endå meir av området og byrja å traske ned mot båthuset. Bratt var det med gamle murar og grøne vekstar.




Båthuset som ligg på eigedommen var som nemnt ein del av inspirasjonskjelda då Christie skreiv Poirot-romanen Dead Man's Folly. TV-episoden frå 2013 med David Suchet i hovudrolla blei også spelt inn her, og det var kult å sitje i stolen som Agatha sjølv pleide å bruke. Måtte smile litt då eg såg skiltet på den eine veggen på båthuset: "Notice: All persons found landing on this quay, or trespassing in the woods, will be prosecuted. By order.". Inga kjære mor der i garden!




Før me tok fatt på heimturen tilbake til Paignton, sette me av tid til ein lesepause i skuggen ved batteriet som låg ikkje langt unna båthuset. Møtte ein søt raudstupe på vår veg og måtte også sjå litt på båtane som segla på elva. Koseleg å berre sitje der i fred og ro med kvar vår bok, la alle inntrykka synke inn, ta oss ein pust i bakken. Å vere ved Greenway ein heil dag kjem eg til å hugse lenge.