15. apr. 2022

Om folk og andre dyr



 
Som eg koser meg med å lese desse bøkene! Det heile starta då eg lånte TV-serien All Creatures Great and Small på DVD på biblioteket for sånn to år sidan. Altså, den gamle serien, den som starta i 1978. Og plutseleg fann eg jo ut at dei skulle lage ny med blant anna Samuel West og Callum Woodhouse i to av hovudrollene. Eg har endå to episodar igjen av andre sesong som eg ikkje har sett, for eg har prøvd å ikkje sluke alt på ein gong, berre kose meg med å verkeleg ha tid til å beundre dei herlege karakterane og det nydeleg landskapet. Som om ikkje seriane var nok, fann eg plutseleg den fyrste boka på norsk i ei byttebokhylle på jobb. Las den og byrja rett på bok nr. to, It Shouldn't Happen to a Vet (som eg las i utgåva All Creatures Great and Small som inneheld både bok nr. ein, If they Only Could Talk, og nr. to). Under kan du lese eit par sitat frå dei to fyrste bøkene, James Herriot kunne det med å skrive vittig og så detaljrikt at eg blir dratt med rett tilbake til den engelske landsbygda: "Foran oss strakte den grå landsbygaten seg uten et menneske, på vesthimmelen sluknet de siste røde stripene etter solnedgangen. Omkring oss ruvet de høye åsene. Det var nesten vindstille, bare et mykt drag kom fra de stille heiene, med en ange av lyng og jord i seg. Mellom husene var det overalt en herlig duft av vedrøyk." (s. 158, Om folk og andre dyr)

"Etterpå nøt jeg situasjonen. Jeg kan ikke huske noe annet i min karriere som har gitt meg større glede enn å stå der i oksebåsen og rette vannstrålen, den livsreddende vannstrålen, mot et dyr som nøt den i fulle drag. Den likte best å få vannet i ansiktet, og når jeg arbeidet meg fremover fra haleroten over den dampende ryggen, snudde oksen på seg og strakte seg for å få strålen rett i nesen, mens den glippet lykksalig med øynene." (s. 180, Om folk og andre dyr)
 
"As we left the barn the sunshine and the sweet warm air met us like a high wave. I turned and looked across the valley to the soaring green heights, smooth, enormous, hazy in the noon heat. Beneath my feet the grassy slopes fell away steeply to where the river glimmered among the trees." (s. 311, All Creatures Great and Small)

Bøker som får ein til å både le og gråte, som får ein til å bli ein del av eit univers, som eg liker det. Det same gjelder TV-seriar eller filmar. Magi fekk eg på tysdag då eg såg Fantastic Beasts: The Secrets of Dumbledore på kino med ei av mine beste veninner. Og dagen før var det tårer, latter og song då eg hadde ei anna veninne på tebesøk og filmen tick, tick...BOOM! av og om Jonathan Larson, mannen bak den besteste musikalen Rent. Hygge med fine folk! Hygge blir det nok også på hytta, og eg gleder meg til å ta fatt på bokhaugen, bli dratt inn i nye univers og nye eventyr.

13. apr. 2022

Tre søte pelsdottar




Å, sjå desse tre søte kaninane! Eit venepar av oss har som nemnt fått kaninar, og me var heime hos dei førre veke for å helse på pelsdottane. Alle tre i litt forskjellige fargar, den eine ikkje fullt så bustete som dei to andre, men alle like mjuke. Smelt. Veldig koseleg å prate med venane våre også – eg kjenner det gjer godt å byrje å vere meir sosiale igjen sjølv om det framleis er noko uvant etter såpass lang tid med sosial avstand. Men det kjem seg litt etter litt. Påskekrimmen Manhunt (eller Nattdjevelen) er allereie sett ferdig, eg har strikka ein del, og no kallar bøkene på meg.

11. apr. 2022

Mjukt garn i herlege fargar


Marble Sweater frå PetitetKnit, eg fall for den med ein gong eg tilfeldigvis såg den på Instagram, akkurat slik det var med kjolen frå Augustin. Genseren skal bli strikka med tjukke garn på tjukke pinnar og er dimed meir enn noko anna ein ordentleg varm og god vintergenser. Med andre ord er det ikkje heilt sesong for denne genseren no, men eg innrømmer at eg byrja å leite etter garn med ein gong, i tankane mine visste eg akkurat kva farge eg skulle ha. Og den fann eg hos Strikkefeber, og garnet er håndfarga Fat Mohair. Eg har allereie prøvestrikka mohairen i lag med garn nummer to, og valet fall på ein eggekvit farge i Naturgarn frå Viking Garn. Kanskje kjem eg til å strikke litt på denne genseren i påska, for når garnet er så fint, er det vanskeleg å berre la det liggje. Men det som er sikkert, er at "Påskelabyrinten", quiz, litt hytteliv og fleire krimbøker ventar.

10. apr. 2022

Filmnostalgi og rart vårvêr




Forkjølinga sit i enno, og eg er no rimeleg lei av tett nase og heile den pakka. Tidlege morgonar er heller ikkje det aller kjekkaste. Likevel, med bursdag og påskeferie har det vore ei fin veke. Vêret desse dagane har eg ikkje skjønt meg på; snø og sludd den eine augneblinken, sol og nesten sommar den neste. Snø i april er ikkje det er ønskjer meg, april er snøklokker og grønt gras, gule påskeliljer og lilla krokusar, april er vår. Men slik er det no her til lands av og til. Og for all del, det har vore fleire andre kjekke ting enn "berre" bursdagsfeiring og no påskeferie, berre sjå her:
 
gjensyn med Kamilla og tyven, både boka og filmane, rett og slett ordentleg nostalgi 
og eit lite fun fact: det var film nr. to mannen min og eg såg den desemberkvelden me blei i lag ♥︎
få ein kjempeflott blomebukett, konfekt og ei rørande bursdagshelsing på døra av ei god veninne  
lese reisereportasje frå Hebridande, Orknøyene og Shetland i avisa Dag og Tid
hi, hi, eg fortset å dele desse videosnuttane av den skjønnaste, litte kattepusen
takksam for alle helsingane eg fekk på bursdagen min
Der krepsene synger var ei av dei beste bøkene eg las i 2019, gleder meg til å sjå filmen
Wordsworth sin kolleksjon med klassikarar (bøker, altså) som alle har eit nydeleg omslag 
hekta på å lese Herriot-bøkene – TV-serien All Creatures Great and Small er basert på bøkene
kjekt med ny vlog frå finaste Jonna 
byrje å sjå ein av påskekrimmane som ligg ute på NRK Nett-TV
lage ein strikkeprøve med mjukt garn i herlege fargar 
eit lite akvarium av resin i 3D, dette er ordentleg fascinerande å sjå på, særskilt resultatet
heimelaga pasta carbonara som mannen min laga den dagen eg hadde bursdag
god kaffi i ein fin (vinter)kopp, gode kaker og hygge heime hos eit venepar tysdagskveld
Ida har samla ein heil haug med fine, kvardagslege og andre gode ting i eit og same innlegg
besøke tre nusselege kaninar på sjølvaste bursdagen min
kaffe latte på Kanelsnurren og mykje prat med ei god veninne rett etter jobben på fredag
pusen Eskil som nyleg blei to år, berre sveip og sjå kor søt han var som liten :)
REKO-ringen torsdagskveld og i same slengen ein liten tur innom IKEA 
Elton John-medley av cellisten Hauser
tjuvstarte påskekrimmen med å lese ut Agentene, bok nr. 4 i spionthrillerserien om Slough House

8. apr. 2022

Spasertur rundt eit lite vatn



Slutten av arbeidsveka. I morgon er det laurdag og jaggu meg påskeferie. Blir lang påskeferie for min del også i år, og eg har lesehaugen klar. Vakna til vinterkvitt landskap i går, noko som i mine auge var ein ordentleg nedtur. Me skriv jo april og vår no, ikkje januar og vinter. Det smelta no i løpet av dagen, og i dag har det vore sol og blå himmel (med eit hint av sur vind...). Laurdag førre veke gjekk broremann og eg ein liten spasertur rundt Vannassen i vårsola. Er ikkje så grønt på trea enno, men den blå himmelen spegla seg i vatnet, gule blomar stod langs grøftekanten og fuglane hadde vakna. Praten gjekk og me traska i eit akkurat passe tempo. Laurdagsturtempo, det kan me like.

6. apr. 2022

Regnbogedryss

Bittelitt snø i lufta her hos oss i dag. Ser ikkje ut til at det blir liggande, heldigvis, men ein kan aldri vite. For å setje fargar på denne dagen, tar eg difor fram eit par bilete av desse fargerike blomane som eg såg ute på Wiig Gartneri. Klare og sterke fargar overalt, blomar i fleire forskjellige fargar, små fiolar og andre litt større blomar, meter på meter. Som å dykke inn i regnbogens kjerne.

5. apr. 2022

Bursdagskake(r) 🎂🎈

Karamellkake på ein Mummi-tallerken i dag, eit stykke av ein mektig mokkakake på sundag. Sånn går det når ein har bursdag! Feira pappas bursdag på etterskot og min på forskot i lag med familien på sundag, og mamma hadde laga kake. Seier berre "nam"! Sjølv stod eg på kjøkkenet og laga karamellkaka i går slik at eg kunne ha med på jobb i dag. Stor stas! Og tallerkenen med Mummi-motiv fekk eg av mannen min i dag. Illustrasjonen er frå Tove Janssons bok Pappaen og havet, og det er Jansson sjølv som har teikna den. Fin! Til middag laga min betre halvdel heimelaga pasta carbonara, og utpå kvelden besøkte me eit venepar som nyleg har fått kaninar. Så skjønne (og ja, eg tok nokre bilete som garantert kjem litt seinare). Tusen takk for alle flotte bursdagshelsingar, plutseleg ikkje så ille å stå opp halv fem om morgonen. Og med det er nok ein bursdag over.