20. sep. 2020

Dyremøte, date og diktsamling





Sola har titta fram i heile dag, og det gjorde så godt. Ha fri, kunne vere ute og gå ein tur og sidan lese ute på balkongen. Eg tar ikkje det for gitt, det er jo faktisk nærmare oktober enn august. Ein av dagane las eg ut Det ender med døden av Agatha Christie, og det var ei litt kul og annleis leseoppleving frå krimdronninga, for i boka er handlinga lagt til Egypt for 4000 år sidan (temaet har denne månaden vore ei bok inspirert av Christies reiser). Kjekke dagar på jobb, orkesterspeling, strikking og – som vanleg – mykje lesing, ei god septemberveke. Sjølv om det har vore tungt å stå opp, har det på andre måtar vore fine morgonar, berre sjå lista som kjem om ein, to og...tre:

✦ annleis, men kjempebra Christie-krim denne månaden: Det ender med døden
✦ sollyset som skein rett inn på eit av dei nye, fargerike vassglasa våre
✦ endeleg fortsetje å strikke på Twiggy-genseren frå Pickles
✦ fyrste øving med orkesteret på aldri så lenge
✦ svømmeøkt på jobb, denne gongen blei det 750 meter i tillegg til dykking
✦ mykje fint på denne ønskelista inne hos Et katteliv
✦ helse på ein finfin, kvit katt som ville ta følgje og sjå rådyr ti over fem ein tidleg morgon
✦ kaninane borte ved UiS
✦ ordentleg vakkert på Villa Strömsfors
✦ morgonskugge på bakken på veg til jobben
✦ fredagsdate med god middag, frisk sider og byrje på Hamilton på Disney+
✦ Synne som skriv eit dagbokliknande innlegg om desse seks rare månadane
✦ gå tur langs sjøen og svaberga ute på Kvernevik i lag med mannen min og broremann
✦ trailer frå 2020-versjonen av All Creatures Great & Small
✦ liten handlerunde med kaffipause i lag med kjekke folk
✦ koalaer er berre så heilt utruleg skjønne, og denne lille er i alle fall søt
✦ lese ute på balkongen i sola etter å ha gått tur i dag, det var heilt herleg vêr
✦ flash mob med tenoren Rafael Rojas, høyr korleis han treff den siste tonen i "Nessun Dorma" 
✦ lese dikt av Nelly Sachs som denne månadens litteraturprisvinnar
✦ fortsetje å sjå All Creatures Great & Small og byrje på ny sesong med Verdens tøffeste togturer

18. sep. 2020

Stemning frå ein magisk plass


Morgonskiftet er over for denne gong, og no ventar langhelga. Anna enn å vere i gong med orkesterspelinga igjen, er det ikkje så mykje nytt, rett og slett ei vanleg veke. Etter å ha skrive her på bloggen, blir det fram med strikketøy eller ei bok, så eg tenkjer å gjere det kort ;) Men eg kan ikkje la vere å dele denne lille videoen frå Flor & Fjære med dykk. Lydane av vatnet, stemninga og ikkje minst alle dei fantastiske blomane! Med dette ønskjer eg alle ei kjempefin helg ♥︎

17. sep. 2020

Engletrompetar og fargar i fleng

Ti fargerike bilete, dei siste bileta frå torsdagskvelden ute på Sør-Hidle og fantastiske Flor & Fjære. Kva meir kan eg seie om denne staden? Engletrompetar, roser i alle moglege fargar, hengetre, flotte sitjeområde overalt og ei stemning ein ikkje finn mange plassar. Du skjønner nok at eg anbefaler eit besøk her på det aller varmaste, og eg kunne sjølv gjerne ha dratt tilbake med ein einaste gong.

16. sep. 2020

Hugar, eller tankar


Musikk kan vere som balsam for sjela. Når eg treng ro eller vil lese etter ein lang dag på jobb, er det ofte dei same artistane eg finn fram til på Spotify. Enya er ei eg aldri blir lei, det same med Markéta Irglová. I det siste har eg høyrt mykje på fleire av Spotifys standard spelelister med diverse klassisk musikk, og det har vore veldig avslappa. Hugar veit eg at eg har nemnt i ei sundagsliste eller to for ei god stund sidan, og det er desse eg høyrde på etter jobben i dag. La meg ned på sofaen, lukka auga og berre låg der ei stund før middag. Fann roa og kjente at eg senka skuldrene. 

14. sep. 2020

Vindhellavegen



På'an igjen med morgonskift, og eg må innrømme at gjerne skulle ha sove lenger. Men eg kom meg av garde på sykkelen ti over seks og rakk jobben halv sju med god margin. Eg tenkjer å starte veka her på bloggen med eit tilbakeblikk på ein tur me gjekk ein av dei siste dagane av bilferien vår. Etter å ha vore ein times tid i Lærdal, køyrde me ein liten omveg, sette bilen frå oss på ei parkering og fann vegen bort til Vindhellavegen. Dette er ein del av Kongevegen over Filefjell, og turen startar i lett terreng på ein graskledd sti med steinrøys og gamle, små stabbur langs stien.


Vindhellavegen blei laga i 1843, og den gamle Kongevegen frå 1790-åra kan ein skimte innimellom på utsida av traséen. Kongevegen var bygd bratt, og det kom difor ein ny veg i 1843. Stigninga var framleis bratt sjølv om den blei noko betre, men den var likevel for bratt, og etter tretti år blei den avløyst av (endå) ein ny veg. Ein kan kanskje seie at desse to vegane var mislykka sidan dei var for bratte og ikkje kunne brukast lenge, men det å byggje ein slik veg – med murar og flotte svingar – det er kunstverk i seg sjølv. Stilig å gå ned denne svingete vegen, ein veg full av historie. 


Sjølve Vindhellavegen er ikkje så lang, så me valde å gå rundturen Vindhellavegen-Sverrestigen. Her var det nokre verkeleg bratte partiar, men alt hjelper når ein kan stoppe for ein rast på ein stein med litt kjeks og kaffi. Høge fjell og gamle hus, og då me nærma oss parkerinfa, møtte me sauar som alle ville helse på oss. Den eine sauen syntest i alle fall det var innmari gøy å "leike-stange" mannen min, tihi! Herleg å bevege på beina før me sette oss inn i bilen og køyrde mot Aurland. 

13. sep. 2020

Restaurantbesøk, ny favoritt og fridagar utan store planar

Rolege fridagar, noko eg set stor pris på etter åtte dagar på jobb. Eg var korpsinstruktør på eit seminar i går, men det var berre kjekt, og eg har elles fått mykje tid til å lese. Akkurat no er i gong med fleire gode bøker, og innimellom er det vanskeleg å leggje boka frå seg. På jobb har det gått i eitt der måndagskveld var noko travel. Det er framleis rare tider, og nye rutinar – både for oss, publikum og idretten – er ikkje heilt på plass enno. Men det går seg til, og det aller meste går allereie av seg sjølv. I byen har det denne veka vore det me kallar "100-ukå", nemleg at ein kan ete ute på ein restaurant for berre hundre kroner. Så etter jobb på onsdag stakk mannen min og eg ut på Jai hind i lag med eit venepar. Knallgod mat og eit veldig bra selskap! Vêret har ikkje vore strålande i helga, men då har me fått øvd litt (har fått nye notar frå orkesteret), lese endå meir, fått gjort litt husarbeid og kost oss med film og heimelaga laurdagspizza. Vekas siste blogginnlegg:

✦ boka Tremarnock av Emma Burstall er ein ny favoritt (og det er skrive fleire i same serie!)
✦ slå av ein prat med mine tidlegare kollegaer ved besteste Madla bibliotek
✦ "Top 3 Cutest Kitten Moments" frå serien Too Cute! – her var det utan tvil mange søtnosar
✦ ete god middag på indisk restaurant etter jobb i lag med mannen min og to fine kollegaer
✦ kjempekoseleg å prate og le, og etterpå blei det belgisk vaffel og kaffi på ein kafé
✦ Aisling Bea er berre så utruleg kul og eit herleg menneske, berre sjå denne og denne videoen
✦ humorprogrammet Taskmaster sluttar aldri å overraske
✦ hels på katten Luci, gleder meg til å sjå meir av ho etter kvart
✦ kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso i ein heilt nydeleg versjon med cello og piano
✦ vere instruktør på eit korpsseminar i går
✦ blogginnlegg fylt med skuggespel etter blomar, noko eg òg finn mykje glede i 
✦ byrje på sesong to av All Creatures Great & Small
✦ høyre på forskjellige spelelister med klassisk musikk medan eg les
✦ rørande bileteserie inne på Instagram, og det er gode Sara som har tatt dei
✦ starte dagane under eit pledd med kaffikoppen i ei handa og boka i den andre
✦ hi, hi, desse kattane synest det er veldig stas med eit leketelt
✦ ubehageleg å lese, men Min mørke Vanessa er bra skriven om metoo, maktmisbruk og gråsoner
✦ korresponendtbrev om integrering, om det å stå utanfor og kjensla av å ikkje bli trudd
✦ kontrastane ute på eit tre ein grå sundag
✦ bruke det himmeblå smykket som eg har arva 

11. sep. 2020

Himmelblått arvegods

Allereie no byrjar det å bli merkbart mørkare ute, og det å ta bilete inne slik at fargane blir riktige er lettare sagt enn gjort. Men eg må prøve likevel, berre sjå kor flott dette smykket er! Både T-skjorta og smykket er litt meir himmelblå enn det som kjem fram på bileta, hovudpoenget er no å vise fram dette smykket som eg nyleg har arva etter ei kjær grandtante. På jobben går eg sjeldan rundt med smykke, og eg gløymer innimellom at eg har  dei når eg fyrst skal pynte meg. Men på onsdag var me ute og åt, og det var den perfekte anledninga til å ta i bruk dette smykket. Fredag er her, eg hadde fri både i går og i dag, og har til no lese ein heil del, vore innom Amfi Madla for å gjere unna eit par ærend og hente fleire bøker (!), eg har titta på nye orkesternotar, sett litt på Perry Mason og no er det ein Thomas Dybdahl-konsert med SSO på TV Vest (av alle plassar). Ute dett regnet ned, her inne skal han der fine snart lage kakao til oss. Akkurat passe fredagskveld.