16. okt. 2017
Regndropar i haustmørket
Mørkt ute i dag tidleg, det var tungt å stå opp. Ein merker at no er det haust, energien er ikkje heilt på topp. Men det hjelper når me har ete litt frukost, drukke ein kopp med kaffi eller to, sykla i frisk haustluft på veg til jobb. Er ikkje veldig glad i regnet, men å sjå dropane på ruta når det er mørkt ute...fint. I haustmørket. Eller kanskje eg burde seie haustlyset – dropane får så vakre fargar i lyset frå gatelyktene eller frå TV-skjermen til naboen. Regndropar i oransje, grønt, blått og lilla.
15. okt. 2017
Solstrålar i oktober
Det har vore haustferie her i byen denne veka. Ikkje at eg har hatt ferie, men vinter- og haustferie betyr fleire arrangement på jobb. Travelt, men samstundes veldig stas når me ser at ungane møter opp til både kodeklubb og FIFA-turnering. Ute har me hatt både vind og regn og sol og (nesten) sommar, ein typisk haust på Vestlandet. Eit kinobesøk, nokre koppar med te, mimring til dagane i Wien, strikking og mykje lesing. Veka oppsummert i nokre punkt, fleire punkt og lenkjer kjem her:
✦ burde nok ha lese bok ein og to om Hillevågsgjengen, likevel har eg storkost meg med Skada gods
✦ haustlyset over Mosvatnet då me gjekk tur torsdag ettermiddag
✦ song nr. 1 på denne lista over dei ti beste instrumentale Disney-songane (tårene renn kvar gong)
✦ ta bilete som me kan bruke til årets julekort
✦ sjå Blade Runner 2049 på kino – ordentleg bra!
✦ så små, skjønne sandkattar fanga på film
✦ ei god veninne som plutseleg tok turen innom jobben min
✦ ha på den den guloransje retrokjolen
✦ Adam Douglas som syng "This is the Moment" og Didrik Solli-Tangen med "Anthem"
✦ hauststemninga i bileta inne hos Niina
✦ byrje på eit enkelt skjerf i dei finaste blåfargane
✦ Seethaler, forfattaren bak den fine Et helt liv, har skrive nok ei bra bok: Tobakkshandleren
✦ regndropane på ruta i kveldsmørket
✦ drikke te og lese i kvar vår bok om kveldane
✦ "The Best Names from Literature" – blant anna Jean Valjean, Scarlett O´Hara og Heathcliff
✦ ein bra laurdag på jobb: kaffi, solstrålar og nytt interiørmagasin
✦ avslutte førre veke med litt brettspel hos nokre kjekke folk
✦ eit tre langs jobbvegen min i alle hausten fargar

Merkelapp
sundagsliste
14. okt. 2017
Fint her om dagen
På torsdag på veg til jobb. Ikkje at eg er veldig glad i regnvêr (så kjipt å sykle i fullt regntøy når det bøttar ned), men regndropane derimot. På vindauget om kvelden, på eit blad på bakken eller på blomar. Det er noko magisk med ein drope som ligg der så frisk og klar. Uansett årstid.
13. okt. 2017
Oppe i eit pariserhjul og mektig sjokoladekake
Fredag og helg. Skuldrene er senka. I alle fall nesten. Skal nemleg på jobb i morgon, så eg får ikkje heilt roa over meg før i morgon kveld. Men no i kveld tenkte eg å fortsetje med nokre kjekke minne frå Interrail-turen. Etter å ha vore ei stund på nasjonalbiblioteket, tok med T-banen til Praterparken. Her kan ein ta karusellar og berg-og-dal-bane, gå inn i eit spøkelseshus eller sitje inne i fine vogner i eit pariserhjul. Me gjekk for pariserhjulet med dei knallraude vognene.
Vêret var ikkje det beste, det kom til og med nokre ordentlege regnbyer. Likevel synest eg med fekk ei grei utsikt over byen. Ein eller annan gong håper eg å kunne få eit gjensyn med flotte Wien.
Middag måtte me jo også ha, og denne kvelden åt me kvar vår gode burgar med tilbehør hos Bierteufl. Smakte veldig godt! Sidan dette var den siste kvelden i byen, fann me ut at det var på tide å finne ein plass der me kunne ete Sachertorte til dessert, for det er jo eit must i Wien ;)

mat og drikke,
reise
11. okt. 2017
Eit av dei vakraste biblioteka📚
Korleis har dagen din vore? Her har det vore grått og regntungt, men om ein ser bort frå det, har det vore ein bra dag på jobb med vanleg skrankearbeid og eit produktivt møte. For ein som jobbar ved eit bibliotek, trur eg draumen må vere nasjonalbiblioteket i Østerrike, Österreichische Nationalbibliothek på originalspråket. Det startar allereie når ein står ute og ser opp på bygninga.
Biblioteket blei bygd i mellomalderen av Habsburgmonarkiet. Den eldste boka som ein enno kan finne på biblioteket, er frå 1368! Alle utsmykkingane, måleria i taket, ornament i søkk og kav. Alle dei gamle bøkene i flotte, høge bokhyller, kan ikkje seie anna enn at det var litt av eit syn.
Trur eg skal la resten av bileta tale for seg sjølve. Eg blei overvelda, kanskje bergtatt er det ordet som passar best. Den gamle globusen, stigane opp til bøkene, lyset. Alt. Bøker og bibliotek, altså ♡

10. okt. 2017
Ute akkurat no
Kanskje ikkje akkurat no med tanke på at den knallblå himmelen ikkje er så knallblå her i byen i dag. Men likevel, dei andre fargane er her enno. Å sykle forbi tre som er grønt, raudt, gult og oransje, eller gå ein tur og få auge på ein busk i knallraude fargar. Ekte kvardagsglede for min del. Kanskje ei lita glede for mange, men den er likevel viktig når det innimellom er mørkt og grått.
9. okt. 2017
Studieturen
Planen i går var å berre slappe av, lese lenge og lese endå litt meir. Men då me såg ut, var det altfor fint vêr til å berre sitje inne. Me fann ut at den såkalla Studieturen, som er dryge syv kilometer, kunne passe perfekt på ein sundag som den me hadde i gårSjå den knallblå himmelen, fargerike blomar som framleis lyser opp på balkongar og dei fine kattane me møtte på vår veg.
Eg har ikkje så mykje anna å seie enn "sukk". Eit lite sukk. Sidan me hadde hatt skikkeleg gråvêr tidlegare i veka, var det ekstra godt å kunne gå ute utan regntøy, utan å kjenne vinden piske i andletet. Den friske lufta, det gylne lyset mellom dei raude og gule blada. Sundagstur på sitt beste.
Som namnet på turen tilseier, går ein del av turen innom universitetet. Rart å vere der sånn plutseleg no når eg ikkje studrere der lenger. Oppdage ein statue som eg ikkje har sett før, berre vere der "på besøk". Før me vende snuten heimover, var me også ein liten tur innom den botaniske hagen. Fall veldig for den herlege fargen på desse bæra. Etterpå kom me oss heim til kaffi og bok.

tur
Abonner på:
Innlegg (Atom)