31. jan. 2013
Ny musikkvideo frå Laurence Fox
Det er godt og vel eit år sidan Laurence Fox gav ut sin førre musikkvideo "Gunfight" (eg skreiv eit innlegg om den her i april i fjor; sjekk også ut denne sida for å høyre meir av musikken hans). No er han ute med ein ny musikkvideo, og stemmen hans er like vakker og fin som førre gong. Den nye songen heiter "So Be Damned". Med i musikkvideoen er kusina hans, skodespelaren Emilia Fox, som blant anna speler i TV-serien Tause Vitner (Silent Witness). Musikkvideoen er berre fantastisk; det same er musikken. Sett deg ned og nyt, både songen og videoen, heilskapen!
Merkelapp
musikk
29. jan. 2013
Fargar på himmelen
Så lite er det som skjer her for tida at det er vêret som er det mest spennande! Dei siste dagane har det vore både snø og regn, glatt og slaps, og no i dag er det endeleg ganske bert på dei aller fleste vegane. I går derimot var eg berre glad for at eg i det heile tatt klarte å komme meg fram og tilbake skulen uten å skli, for det var skikkeleg sleipt og ekkelt langs heile skulevegen. Men, men. Det var ei flott regnboge på himmelen i går då me var på veg heim frå skulen (biletet er tatt med mobilen, så diverre er ikkje kvaliteten den aller beste). Hadde ei kjempekjekk og bra øving saman med dei herlege folka i brassbandet i går :) Eg gleder meg til NM som er i Bergen neste helg, uansett utfall av sjølve konkurransen! For det fyrste er det kjekt å vere på tur, for det andre å vere på tur med dette korpset og for det tredje er det ei veldig fin erfaring å vere med i ein slik konkurranse. Og så kjem me til å ta oss ein liten svipptur innom Sola i same slengen :) Før me reiser, blir det ein del øving og elles mykje pensumlesing – altså som normalt.
Merkelapp
foto
27. jan. 2013
Papirugler
Helga, eller i og for seg alle helger, går så altfor fort, og i morgon er det tilbake til kvardagen igjen. Ei ny veke er i anmarsj, og om nokre dagar er det februar her. Og sjølv om eg ikkje alltid liker at dagane (og helgene) går såpass fort, er det i alle fall ein ting som er positivt: våren nærmar seg! Blomane byrjar å spire, dagane blir lysare, det blir varmare i vêret og for min del får eg meir motivasjon til å arbeide med skulen. Eg merkar at eg arbeider betre når det er lyst og grønt ute enn no når det er mørkt og kaldt. Me har begge to fått lese ein del pensum i helga, og me har også slappa av, slik ei helg skal vere i mine auge ;) På Pinterest finn eg mykje artig, og denne helga har eg prøvd å lage slike ugler. Eg kunne ha valt eit anna dyr, men det var desse uglene eg verkeleg fall for. Er dei ikkje herlege?! Og så må eg berre få anbefale ein film, ein film i frå 1959. I hovudrollene finn me Tony Curtis, Jack Lemmon og Marilyn Monroe, og filmen heiter Some Like It Hot. For ein morosam film! Kjekt å sjå nokre filmar som er litt eldre, film i svart-kvitt, sånn av og til (i alle fall når dei er bra).
Merkelapp
diy
25. jan. 2013
Lesedag
Fredag er og blir ein ordentleg lesedag. I dei fleste semestra som eg har hatt her på UiA, har eg hatt null forelesning på fredagar; difor er fredagen min lesedag. Vel, ikkje berre lesedag; det blir ofte ein dag der eg les litt og elles fiksar litt rundt her i heimen – rydding, støvsuging, sortering av notat, vasking av klede osb. Og i dag har eg også fått øvd på trombonen. Det nærmar seg NM med stormskritt, og då bør stykket vere på plass. Eg er nok ikkje den flinkaste til å øve sånn til vanleg, men eg speler jo på instrumentet eit par gongar i veka i og med at eg jobbar i korps (i tillegg til å spele i korps). Så eg held det i alle fall ved like ;) Har også byrja på Vildanden av Ibsen som altså er ein del av pensumlitteraturen i NO-144. Helga som kjem, blir nok temmeleg lik førre helg, men dei to neste helgene er tettpakka med speling, flyreising, busstur og mykje anna kjekt, så me får nok å gjere. I kveld skal me ete ein god salat; etter kvart så blir det nok krim på skjermen (og så må eg vel innrømme at det er litt fint med snø når det glitrar så vakkert som det den gjorde i går...).
23. jan. 2013
Mykje lesing og litt "QI"
Som dykk alle no veit, blir det mykje lesing på meg dette semesteret me no er inne i. Nokre av bøkene er faktisk utruleg bra, mens andre er som sovemedisin (og då særskilt alle dei små dikta som me skal analysere opp og i mente). Og så blir det jo fagbøker og -artiklar ved sidan av desse skjønnlitterære tekstane. Men det går jo på eit vis; eg er jo faktisk ein student, og studentar skal jo eigentleg lese ein god del ;) Har jo elles jobb, korps og vener utanom som eg også får tid til, så eg har det veldig fint om dagane sånn eigentleg (sjølv om eg sutrar litt over alt det kvite som kjem frå himmelen om dagen...). Gjekk til skulen i dag, fekk lese litt pensum på biblioteket før det var forelesning om verba i norrønt språk frå kvart over tolv til to. Tok beina fatt etter forelesningen, og før eg var heime, var eg ein tur innom butikken. Eg har elles vaska trombonen, støvsoge kåken og tatt oppvasken. Me åt middag saman, og så såg me ein episode av QI (og det står altså for "quite interesting"). Eit herleg TV-show! Liker du rare fakta blanda med britisk humor; då er dette noko for deg :)
Merkelapp
kvardag
21. jan. 2013
Litt for kaldt ute
Lite nytt å dele herifrå. Det er framleis ganske så kvitt ute, og beina blir brukt flittig for å komme oss til og frå skulen og jobb. Det er jo vel og bra, det, men eg er ein person som ikkje har så altfor mykje til overs for snøen. Eg drøymer om varmare vêr, lysare dagar, dagar der vatnet er så varmt at til og med eg vil hoppe uti, plaske og svømme. Slik som vêret er på biletet, det er slik eg vil ha det no. Men me er jo i januar endå, så kva anna kan eg forventa?! I helga fekk eg senka skuldrene etter ei lang og travel (men kjekk) veke. Me var ein tur innom butikken på laurdag, men elles så heldt me oss inne. Ute har det jamt over vore 6-7 minusgradar (med minus 15 som det lågaste), og det er då det er godt å ha ein fin kjærast og eit varmt teppe – og kanskje ein kaffekopp i handa. Har fått lese litt i nokre av pensumbøkene mine, vaska ein del klede og som sagt slappa av. På laurdag såg me den siste filmen i serien om Indiana Jones (ikkje min favoritthelt, men no har eg i alle fall sett dei), og i går blei det den vakre filmen Cinema Paradiso. Då kom det nokre tårer hos meg, ja.
19. jan. 2013
Fagdag, kino og spelekveld
Eg veit eg allereie har delt denne traileren før, men eg vil gjerne dele den igjen. Grunnen til det er at eg i går var på kino saman med han fine og to vener av oss, og då var det akkurat denne filmen me såg. Historia kjenner eg frå bok, film, TV-serie og ein filma sceneversjon av musikalen. Sjølve musikalen har eg aldri sett live, men eg er jo glad i musikalar, og då eg høyrde at denne skulle bli filma (ikkje berre ein filma versjon i frå scenen), visste eg at denne måtte eg få med meg. På kino. Men før det blei kino, var eg på Rhetorica sin fagdag, og i år var temaet "krisekommunikasjon". Me fekk høyre flotte og interessante foredrag frå Per Høiby, Kåre Melhus og Trond Blattmann. Kjempebra gjennomført av Rhetorica. Var heimom ein tur, og klokka halv seks byrja filmen. Filmen eg snakkar om, er jo så klart Les Misérables. Det meste av replikkar blir anten resitert eller sunge, så ein bør like musikal for å sjå filmen. Likevel anbefaler eg den uansett! Skodespelarane som er med i filmen, er kanskje ikkje songarar, men musikken er jo fantastisk, og Anne Hathaway er veldig god i sin rolle som Fantine (sjekk ut hennar versjon av "I Dreamed A Dream"). Eg grein ein god del i løpet av filmen, noko som ikkje var overraskande ;) Etterpå dro me alle fire heim til oss, åt heimelaga hamburgarar og spelte spel. Ordentleg koseleg og artig! Håpar på ei rask gjentaking!
Merkelapp
film og tv
Abonner på:
Innlegg (Atom)




