9. nov. 2022

Ribblehead viadukt


Draumen er å ein dag reise med tog over Glenfinnan viadukt og sidan gå turen opp for å sjå eit av toga køyre over viadukten. Akkurat slik Harry Potter og venane hans gjorde med Galtvort-ekspressen. Men Ribblehead viadukt i Yorkshire Dales var jaggu meg eit flott syn den også!


Etter å ha gått den lange turen til grottene, hadde me lunsj og ein liten pause på hotellet. Tok toget frå Settle til Ribblehead og gjekk den lille turen frå togstasjonen til sjølve viadukten. Storslått byggverk som stod ferdig i 1875 som ein del av Settle-Carlisle-jernbana. Fascinerande å sjå viadukten stå der midt i det yorkshirske landskap, rage trettimeter over bakken. Veit ikkje om du klarer å sjå mannen min på det siste biletet? Tihi, han blei jo endå mindre her enn då han stod ved opninga til Victoria-grotta. Heiene, fargane, sauane – landskapet i Yorkshire fangar meg 💚🌳

7. nov. 2022

To fargerike keramikkskåler frå ein flott butikk




Keramikk med fargerike glasurar og kule strukturar – eg har berre fått meir og meir sansen for det dei siste åra. I midten av september var me jo i Oslo for å sjå Matilda, og då hadde eg sett meg ut at me skulle innom Kampen Keramikk-Studio. Å, ho som lagar krusa, skålene, fata og alt det andre, lagar rett og slett så mykje fint og tøft. Alle dei fine fargane ho set i saman, både herlege kontrastar og fargar som er meir ton-i-ton. Kjøpte innflyttinsgåve til broren min – den kvite med mørkelillablå glasur – og den andre med prikkete leire og glasur i fleire fargar til oss sjølv. Har ein sukkulent i vår som står på eit skap i stova. Er du i Oslo, er dette ein fin, liten butikk eg så varmt anbefaler.

6. nov. 2022

Alltid lesing og strikking




November er her for fullt, og fleire av dagane har vore grå og regntunge. Men lesinga og strikkinga gjer at det ikkje kjennast så ille og det er stadig nye ting å lære på jobb. Eg må innrømme at det er ein annan kvardag no når døgnrytmen er meir stabil (ikkje meir turnus), når eg får utfordra meg, av og til leike med LEGO og når ein kjenner at det generelt er kjekkare å gå på jobb. Fargane ute får meg til å stoppe opp sjølv om det regnar litt. Kunstbruksmesse og kaffibesøk er berre noko av det eg vil ta med meg som fine ting denne novemberveka, sleng med ein haug med mykje kjekt og rart:

✦ om ikkje anna, så starta november med den vakraste soloppgangen
✦ lese den fine og herlege The Charm Offensive
✦ fikse erma på ein strikkagenser: eg strikka dei litt lengre, noko eg har tenkt på å gjere ei stund
✦ "It's a sweep" – herleg klipp frå Oscar 2004 då Ringenes herre: Atter en konge vann 11 prisar
✦ å, blir ekstra varm om hjartet av å sjå at biblioteket set fram finaste Den hemmelige hagen
✦ finurleg bok om kulturkrasj og det å starte eit nytt liv 
✦ himmelblå blondetopp, arva smykke etter grandtante og øyredobbar laga av Angélica León
✦ stort haustblad 
✦ mykje strikketid no i dag
✦ "Årets mest undervurderte måned" – bra skrive om november og kva me bør gjere når den er her
✦ stikke innom årets Solamesse, der fann me fleire flotte julegåver
✦ litt ekstra kjekt var det å helse på tante som var der med sine vakre nuperelleting
✦ sjå ferdig den fyrste av dei tre Hobbiten-filmane
✦ og høyre "Song of the Lonely Mountain" med Neil Finn medan rulleteksten gjekk
✦ lage heimelaga scones og clotted cream
✦ og kjempekoseleg å besøke eit venepar etter jobb på torsdag, så mykje god prat og herleg latter
✦ ete scones- og clotte cream-restar hos broremann i går
✦ gult og gyllent haustlauv som ligg på bakken der eg går på veg til toget etter jobb
✦ fargepalettar frå mange kule filmar, mellom anna frå Forrest Gump og Moonrise Kingdom
✦ ser stadig nye mønster i kaleidoskopet på Abelloftet
✦ måtte ta ein mindre seriøs selfie med fabrikkens skjelett og Halloween-pynta hårband ;)
✦ Can You See Me? kjem til å stå igjen som ei av mine favorittbøker

4. nov. 2022

Kaffigodt på engelsk vis




Heimelaga scones med heimelaga clotted cream, dette blei kjempegodt! I går var me på besøk hos eit venepar og eg hadde sagt at me kunne ta med noko kaffigodt. Både mannen min og eg har hatt lyst til å prøve å lage scones med clotted cream etter å ha smakt det då me var i England i sommar. Clotted cream er kort fortalt kremfløte som blir steikt i ildfast form på åtti gradar i ti-tolv timar. Sidan skal den kjølne og etterpå skal den stå over natta i kjøleskapet. I botn vil det vere ein tynn saus, den kan ein bruke til å bake med, men det er den tjukke delen som ligg i forma som er sjølve kremen. I sconesane putta me litt tranebær, og vips, kaffigodt klar til å serverast. Syltetøyet er ikkje heimelaga, men me fann eit par små glas hos Rostrup Kaffi i Sandnes, og dei passa ypperleg. Venane våre syntest også dette smakte godt, og me koste oss, drakk kaffi og prata i nesten fire timar.

3. nov. 2022

Grottejakt






To store grotter, Jubilee Cave og Victoria Cave, i tillegg til ein litt mindre, var dei me fann og såg på vår gåtur i Yorkshire Dales. Jubilee Cave var den fyrste me kom til, spennande å titte inn sjølv om det var aldri så mørkt. På veg mot Victoria Cave, fann me ei mindre grotte som me kort stoppa ved.








Mannen min blei veldig liten der han stod foran inngangen til Victoria Cave! For grotta som blei oppdaga i 1837 er stor, det kan eg skrive under på. Såg nokre fine, små blomar på veg ned frå grotteinngangen, kvite blomar midt i all steinen. For eit særskilt landskap som omfamna oss.







Siste stopp var Scaleber Force Waterfall. Vel, det hadde jo nyleg vore varmerekordar og det var dimed lite vatn som rann. Men nydeleg plass og eg kunne sjå for meg korleis det pleier å vere der når vatnet renn frå det eine nivået til det andre. Fekk med meg mannen min på ein selfie før me gjekk tilbake til hotellet. Vil sjå endå meir av det området. Å, Yorkshire Dales, du var så fin. Er så fin ♥︎

2. nov. 2022

Yorkshire Dales








Utsikt over finaste Settle! Den dagen me var i byen, hadde me sett av dagen til å gå ein tur i området. Settle ligg som nemnt i Yorkshire Dales, ein stor nasjonalpark full av turar og naturopplevingar. Malham Cove og Gordale Scar hadde me fått anbefalt av dei som eig vertshuset i Piagnton, men det blei for lang unna for oss som ikkje hadde bil og lite kollektivtrafikk. Men tur blei det likevel! Traska rett opp frå hotellet, og det tok ikkje lang tid før me var ordentleg ute på den engelske landsbygda. Mannen min hadde funne ei løype me kunne gå, og vel, det tok ikkje lang tid før me hadde mista stien. Her i landet er me jo vande med at mange av turløypene er merka med ein stor. raud T – ikkje der borte. Me fekk hjelp av to herlege, eldre damer på tur med hunande sine, og etter det var me på rett veg resten av turen. Søte sauar i fleire fargar såg me overalt, og innimellom måtte me berre stoppe opp og nyte landskapet. Som tatt ut av serien Heartbeat eller All Creatures Great and Small.




Litt overskya var det, likevel var det godt å få brukt kroppen etter ein lang togtur dagen før. Totalt den dagen gjekk me over ei mil! I løpet av turen fekk me sett meir enn "bere" sauar, me fekk også nokre grotter, meir om dei i neste blogginnlegg. Løypa tok oss gjennom fleire jorde, og på det eine var det fleire kuar med kalvar som gjekk og traska. Ein skal vere forsiktig og ikkje komme for nærme, og me prøvde å ikkje bruke for lang tid på det jordet. Knipsa eit lite bilete før me gjekk vidare, for det er ikkje berre sauane som er søte. Mot slutten av turen fekk me sjå sauar som blei sluppe ut på eit nytt jorde. Dei sprang og såg så glade ut, nesten som vårslepp.

1. nov. 2022

Lesing langs Gandsfjorden




Utanfor vindauget fyk landskapet forbi. Trea fulle av haustfargar, eller ein blå himmel tidlegare i haust på veg heim frå jobb. Inne i togsetet sit eg med ei bok, sit og les eit kvarters tid kvar morgon. Og eit kvarters tid når eg er ferdig på jobb og skal heim. Skal innrømmae at eg saknar å sykle til jobb og få frisk luft i andletet, men dette veg verkeleg opp. Ei lita morgonlesestund kvar dag, ei stund der det berre er meg og boka og landskapet som ein i farta skimtar utanfor togvindauget.