12. sep. 2021

Smått haust







Hovudet har ikkje hange heilt med dei siste dagane – det har gått i eitt sidan konfirmasjonen: fem tidlege morgonar, orkesterøving, vaksinedose nummer to, nye vikarar på jobb og det eine med det andre. Eg har prøvd å slappe av no i helga, men det tar tid å lande, og på onsdag er det på'an igjen med åtte dagar på jobb i strekk. Å drive god kundeservice i desse dagar er ikkje enkelt, særskilt ikkje når me framleis held på med det same bookingsystemet som i eit drygt år ikkje har fungert optimalt, eit system som berre var meint å vere mellombels. Prøver å halde motet oppe, i alle fall no når fleire og fleire er fullvaksinerte, på eit eller anna vis går det framover. Å kunne sjå gleda i alt det små og kvardagslege, det trur eg er viktig og det er mykje difor eg lagar desse sundagslistene:

✦ kaffi, stearinlys og månadens Christie-bok
✦ ta andre vaksinedose og heldigvis ikkje bli så altfor dårleg
✦ ein grøftekantsbukett som blei ein ordentleg augustbukett
✦ strikkepinnebeskyttarar med pandafigurar, ny saks med Mummi-motiv og Collett Sweater
✦ laurdagsmorgon i pysjbuksa, ei bok i fanget, kaffi og risbrød attåt
✦ tøft og stilig å følgje Synnes veg med symaskinen
✦ orkesterøving tysdagskveld
✦ setje av tid no i helga til å øve på orkesternotane i lag med mannen min 
✦ svømme 500 meter roleg sidan eg nyleg hadde tatt vaksina og var litt slapp
✦ 9 ting høgsensitive personar gjer annleis
✦ litt søt og artig krimbok for barn og ungdom
✦ finaste "Anthem" i to forskjellige versjonar: her med Didrik og her med Knut Marius
✦ kunde som på telefon takka og meinte at eg var den nyttigaste personen han prata med den dagen
✦ og ein annan kunde som med ein SMS takka for god kundeservice 
✦ Bentine som har noko viktig ho ønskjer å seie om valet og utdanning
✦ berre til å glede seg til neste år når musikalen Matilda blir sett opp på Folketeateret
✦ golden retriever som på sitt venlege vis blir besteven med ein liten katt
✦ byrjar å bli haust ute, det såg me tydeleg då me gjekk ein liten tur i Sørmarka i dag
✦ altfor raske til å ta kunne bilete av dei, men kjempekjekt å sjå fleire ekorn på vår lille sundagstur
✦ flott konsert på Hovedscenen på NRK2 i kveld

10. sep. 2021

Konfirmasjon i september









Bunadbonanza, blå bordpynt, kaker i fleng og jaggu meg litt badminton. Tihi, konfirmasjonen til ho eine niesa vår førre helg veldig kort oppsummert. Neida, det var mykje meir enn det, men eg lot kameraet vere då me sat og åt, då ein av onklane og tantene song opera og nære heldt taler. Eg håper konfirmanten hadde ein flott og minnerik dag, me koste oss me fine folk, supert vêr og ei generell god stemning. Veldig gøy å endeleg ha på meg bunaden sidan det ikkje blei noko særskilt feiring av 17. mai i år! Så klart måtte mannen min finne seg i å ta eit hoppebilete av meg i bunaden, og nevøen vår sa no "ja" til så stille som fotograf slik at mannen min og eg fekk vere med på eit par bilete i finstasen i lag. Og så var det artig å spele badminton i lag med nemnde nevø. Hi, hi, det var sikkert litt av eit syn å sjå oss springe rundt med badmintonracketen og dei kleda ;) Timane fauk av garde akkurat slik det pleier å vere når ein er i godt lag. Takk for ein kjempefin dag alle saman!

8. sep. 2021

Lunsj i godt selskap




Andre vaksinedose er sett, no får me berre vente og sjå om me blir dårlege i løpet av natta eller morgondagen eller kva som skjer. Godt å få det gjort uansett. Ovanfor ser du bilete frå ein lunsj me hadde ute ved eit gardsutsal rett utanfor Røros. Lunsjen var med frå eit bakeri i Røros, og etter å ha handa litt på utsalet, fann me ein benk og sette oss til rette. Kalvane var kjempenysgjerrige og lurte heilt sikkert på kven me var, kvifor me var der og kva i alle dagar me hadde med oss, tihi! 



Svigermor foreslo at me kunne køyre Birkebeinervegen då ho høyrde at me skulle frå Røros til Sjusjøen. Fem mil på grusveg over fjellet, det er oss i eit nøtteskal ;) Gøy var det sjølv om det kanskje tok lengre tid enn å køyre straka vegen. Mykje finare natur, færre bilar og mykje hyggelegare selskap – ein gjeng med kyr stod nemleg midt i vegen då me byrja å nærme oss onkel si hytte. Antar at me måtte vente i fem minuttar før dei flytta på seg, redde var dei i alle fall ikkje!

6. sep. 2021

Endeleg togtur igjen





Å reise med tog har lenge vore min favorittmåte å reise på. Komme meg frå by til by på eit roleg og behageleg vis. Det tar lengre tid enn å fly, men eg slappar mykje betre av. Sitje ved eit vindauge og berre sjå ut på landskapet som fyk forbi. Lese i ei av bøkene som ligg i sekken, kanskje ta ein liten dupp og sidan strikke. Eg har sakna det, og eg kan ikkje hugse sist eg tok tog. Trur det var ein gong i løpet av hausten 2019 då det framleis var Vy. Toga køyrer med halv kapasitet slik at det er god plass og enkelt å halde avstand, og sjølv sat eg med munnbind på. Verre var det då eg plutseleg måtte ta buss frå Kr.sand til Oslo, det skal eg innrømme var kjipt. Men det gjekk no det også. Turen heim i går var veldig avslappa, og eg kryssar fingrane for å reise meir med tog om ikkje lenge.

5. sep. 2021

Vanlege jobbdagar og ei helg på reise






Okei, denne sundagslista kom mykje seinere enn det eg hadde tenkt, sånn går det når ein er ute og reiser, kjem halvseint heim og plutseleg oppdagar at tastauret på Macen har slutta å fungere. Kjenner det koker litt i toppen for tida, men det har no vore ei grei veke med berre tre dagar på jobb og sidan ei helg på Austlandet der me var i konfirmasjon til ei av våre nieser. Tok toget fram og tilbake (nesten heile vegen, måtte så klart ta buss for tog frå Kr.sand til Oslo på fredag), og det var herleg å reise litt på denne måten igjen; veldig lenge sidan sist. Budde hos onkelen min og sambuaren hans der me også fekk helse på finaste Bambus. Sola skein i går og me hadde ei kjempefin feiring av konfirmanten, håper ho ser tilbake på ein flott og minnerik dag. Las mykje på toget på veg heim tidlegare i dag og berre titta ut av vindauget. Helga har gått litt for fort, men det er ofte sånn et er når ein har det kjekt, eller kva?! Trur eg har oppsummert veka bra no:

✦ Kristin Hannahs nyaste bok For alle vinder er ei sterk og fengande historie om The Dust Bowl
✦ morgonlyset over Breiavatnet då eg skulle ta toge til Oslo fredagsmorgon
✦ å få mannen min heim igjen etter nokre dagar bortreist på konferanse
✦ Ida skriv så sårt og samstundes fint om ein saknad og om denne tida
✦ snartur innom (nye) Deichman Bjørvika, for eit kanonflott bibliotek!
✦ katten Bambus er kanskje ikkje den mest kosete, men sjå for eit blikk og ein mjuk pels
✦ filmen The King's Man kan bli bra om ein skal tru traileren
✦ strikke medan me såg film hos onkelen min, og strikke litt på toget i dag
✦ kakebord, god stemning og fine folk i konfirmasjonen i går
✦ søtaste pandaungen, av og til er det alt ein treng for å kjenne humøret stige eit par hakk
✦ at rosene som mannen min kjøpte førre helg framleis har vore fine denne veka også
✦ og viss du ser nøye etter, får du eit glimt at den nye vasen me kjøpte på Hadeland Glassverk
✦ Bilal Saab og Adam Douglas i ein duett med songen "A Change is Gonna Come" 
✦ blei ikkje bunad på 17. mai, så det var veldig stas å ha den på i går :)
✦ bruktkupp til kjøkkenet som eg allereie har vist ein gong
✦ sjå endå ein episode av Verda rundt på skjener
✦ må få til å besøke MingarWalker glassblåseri på Jæren
✦ å ta toget for fyrste gong på nærmare to år
✦ bra vêr å sykle i, både tidleg og seint
✦ lesing ute på balkongen også denne veka, eg håper på ei slik veke til sjølv om hausten no er her
✦ ei ekte "road trip-bok" (sjølv om eg likte betre dei to andre O’Leary-bøkene)

3. sep. 2021

Fem bilete frå bergstaden






Bergstaden Røros. Ein by med gamle hus, fargerike hus, historiske hus. Ingen løyndom at eg knipsa i veg med kamerat då me var der, tihi. Ønskjer å starte helga med fem bilete nettopp frå Røros – resten kjem sikkert som eit bileteras om ikkje så altfor lenge ;) Røros kirke frå 1784, interiøret på koselegaste Solheim pensjonat, slagghaug, kult gatenamn og fine hus. Fem bilete som ein liten smakebit av bergstaden. Fri i går og fri i dag og morgon skal me i konfirmasjon. Koseleg helg.

1. sep. 2021

Flotte bruktkupp til kjøkkenet



I den gjenbruksbutikken som ligg nærast heime vår, såg eg for ei god stund tilbake ei fin mugge med eit bladmønster etsa inn på sida. Eg lot den vere, men då eg kom tilbake neste gong, stod den der framleis og vipps blei den med meg heim. Innmari fin og akkurat passe stor som vass- eller saftmugge. Ute på Bømlo for nokre veker sidan var eg også innom ein gjenbruksbutikk, og der fann eg fire vassglas, eigentleg i litt same stil som mugga. Dei kosta berre ti kroner per glas, og eg kjøpte dimed alle fire – to er i bruk no saman med dei andre vassglasa me har, dei to andre står i vitrineskapet vårt som reserve i tilfelle me klarer å knuse dei. Altså, at me har ikkje for vane å gjere knuse glasa våre, men eg syntest det var eit knallkjøp med fire flotte glas for førti kroner!