12. okt. 2020

Musikalen i mitt hjarte ♟🎶



Kor skal eg starte når det gjeld denne musikalen? For dei som har følgt med her på bloggen ei stund, kjem det ikkje som ei overrasking at eg er over gjennomsnittet interessert i alt som har med musikalar å gjere. I fjor var det The Sound of Music på Folketeateret, den sjette musikalen for min del i regi av Scenekvelder. Chess er den sjuande. Som eg skreiv i går, har denne musikalen vore ein stor del av livet mitt heilt sidan me sette den opp på musikklinja på St. Svithun vgs. for god og vel tretten år sidan. Alle songane kan eg så å seie utanåt, "Anthem" med Tommy Körberg og "One Night in Bangkok" med Murray Head er to av dei største (og mest kjente) songane, og "I Know Him So Well" med Elaine Paige og Barbara Dickson står i Guinness rekordbok som den mest solgte singelen av ein kvinneleg duo på britiske hitlister. Å, det er så mange bra songar i Chess. Skulle eigentleg sjå den i februar, men då var det stemnehelg på jobb. Me selde dei billettane og kjøpte nye til april. Den forestillinga blei jo avlyst slik mykje anna blei, og sidan har eg venta i spenning på når teateret kunne opne igjen. Og endeleg, på onsdag fekk me moglegheita til sjå, høyre og oppleve den! Oppsettinga skuffa ikkje! André Søfteland som Anatolij er eit ypperleg val, har tidlegare sett han som hovudrolla i Les Misérables, og den stemma er så kraftfull. Sanne Kvitnes briljerer som Florence, Espen Grjotheim er ein kul og samstundes sårbar Freddie ("Hvem ser et barn"/"Pity the Child") og Marion Ravn som Svetlana overtyder som kona til Anatolij, særskilt i songen "Hvem er jeg". Scenekvelders oppsetting av musikalen er ein versjon frå 2002 som populært blir kalla Chess på svenska, for det finst fleire versjonar av musikalen som starta som eit konseptalbum i 1984. Eg storkoste meg, nynna med, tårene rann på "Anthem" (eller "Mitt hjertes land" som den heiter på norsk), og sit igjen med eit kjempefint minne. Som vanleg må eg skryte litt ekstra av orkesteret, særskilt trommisen som eg kjenner; han var også med på å setje opp musikalen då me gjekk på musikklinja! Så glad for at eg endeleg fekk sett Chess på scena, på aller finaste Folketeateret.

11. okt. 2020

Musikal, ferieveke og ei laaang sundagsliste



Endeleg! Sidan eg var med på å setje opp musikalen Chess med dei andre på musikklinja for dryge tretten år sidan, har eg høyrt musikken om og om igjen. Men fyrst no har eg fått sett den på scena. Inga overrasking at dette var vekas absolutte høgdepunkt! Har jo hatt haustferie denne veka, og på tysdag leigde me bil – på denne måten unngjekk me kollektivtrafikken i Oslo sidan situasjonen er slik den er (musikalen var nemleg i Oslo). Bra køyretur, ei natt i fine Kragerø, alle haustfargane langs vegen. Meir om både det og musikalen kjem til veka. Heller inga overrasking at eg har lese mykje denne veka, sånn går det når ein har fri og lesehaugen er større enn størst. Kva anna har eg gjort i løpet av desse dagane? Vel, ein slik haustferieveke går fort, så eg i staden for å sitje og tenkje altfor mykje, skal eg prøve å oppsummere dagane i ei lita lista, eller ikkje så lita denne sundagen:

✦ sitje ute ei lita stund på balkongen i dag med sol som varma og ei bok i fanget
✦ kjempebra film med Tom Hanks og Matthew Rhys, laust basert på denne artikkelen 
✦ og apropos Matthew Rhys: han er så bra i TV-serien Perry Mason som eg nettopp har sett ferdig
✦ ete laurdagspizza og sidan spele litt "Dominion" i lag med mannen min og broremann
✦ tur rundt Vannassen ute i sola i dag, berre heilt herleg
✦ aller finaste Jonna med ein ny video (eg blir som vanleg rørt) og ein ny og nydeleg nettbutikk
✦ sundagsmorgon med kaffi, bok og litt strikking
✦ bokklubbmøte over nettet med ein kjekk gjeng
✦ dansen til Birgit Skarstein og hennar dansepartnar i går
✦ cappuccino og boka Dear Evan Hansen på lesebrettet
✦ godt å ha nødproviant og bok med i bilen då me plutseleg måtte vente ein tima pga. vegarbeid
✦ minimini kattunge som veks opp i lag med ein mykje større hund
✦ alle haustfargane langs vegen, og koseleg å besøke Kragerø
✦ "Into the Unknown" i ein heftig instrumentalversjon (høyr trompetisten på slutten av songen)
✦ musikalen Chess på Folketeateret
✦ tihi, fleire videosnuttar med Loulou, Coco og den bittelille, søtaste andungen
✦ boka var sånn midt på treet, men alltid gøy å lese bøker om bøker (snakkar om The Librarian)
✦ solnedgangen ved Mosvatnet, og ein grønbrun allé omtrent på same plassen
✦ himmelen over naboblokka ein av kveldane
✦ Et katteliv deler så mykje fint og bra: ein nydeleg bukett, herlege Mira og sommar i oktober
✦ gulgrønt blad midt blant alt det brune haustlauvet
✦ nok ein tur rundt Mosvatnet med ei anna veninne som eg ikkje hadde sett på lenge

9. okt. 2020

Moslivatnet førre helg



Moslivatnet om hausten, også oppe på fjellet er det ein eksplosjon av fargar no for tida. Hi, hi, eg er definitivt ikkje ferdig med å ta bilete av haustens fargar og syne dei fram her på bloggen ;) Før vinden tok tak oppe ved hytta førre helg, var sola framme og skein slik at fargane blei endå klarare. Lyset gjennom dei gule blada og solnedgangslyset den eine kvelden, berre nydeleg. Lav og mose i forskjellige fargar, alt det raudoransje blant lyngen. Fint å sjå tilbake på, for denne fredagen er det grått og trist her i byen. Samstundes kan eg ikkje klage, det er framleis ferie og det er helg.

7. okt. 2020

Årstidskontrastar

Hausten og eg, eg og hausten. Bestevener er me ikkje, men det ligg noko der og lurer likevel. Noko fint og fargerikt. Ute eksploderer det – gult, grønt, oransje, gult og brunt. Overalt. Eit einsleg gulgrunt blad blant alt det brune lauvet på bakken i skogen. Lyset gjennom dei forskjellige blada på trea den same plassen. Trass gråvêrsdagar med sur vind, slik det ofte er om hausten, kan denne årstida gi glede. Når eg syklar til jobb, når eg er ute og går ein tur – fargane ute no for tida ♥︎

5. okt. 2020

Inne medan det storma ute


Store delar av helga blåste det noko heilt enormt ute. Det knirka i hytta, trea ute vaia frå den eine til den andre sida, det var kvitt på vatnet. Me fekk gjort den grusinga ute før det verkeleg byrja, så elles var det inneaktivitetar som var tingen. Lesing, stearinlys om kvelden og etter middagen på laurdag åt me litt kake og drakk god kokekaffi. Diggar lyset i tubaen (!) og i morgontimane i går blei det kaffi i ein retrokopp og litt meir strikking. Hyttehygge inne medan det storma som verst ute. 

4. okt. 2020

Fleire gode bøker og dei berømte haustfargane



Oktober er i gong, og som du ser av bileta over, er det haustlauvet og alle fargane ute som fangar blikket mitt for tida. Greie dagar på jobb, mykje lesing, noko strikking og ei helg på hytta. Ei av bøkene eg har lese, tok det tid å komme i gong med, men etter kvart sat eg verkeleg og storkoste meg med den. Har også lese ei fotografisk dokumentarbok om Kielland-ulykka, og den var tøff. Det rann eit par tårer, boka gjorde eit sterkt inntrykk. I morgon er det ein ny måndag og ei ny veke – her i heimen er det haustferie! Blir heilt greitt med ei veke der eg kan lese og strikke endå meir, senke skuldrene litt ekstra. Tjo og hei, trur ikkje eg har så mykje meir å skrive, sjekk heller ut lista:

✦ trur The Love Story of Missy Carmichael kjem til å stå igjen som ein av årets favorittar
✦ gøy å bli endå betre kjent med Bailey og den finaste katten
✦ lese ut årets "Hele Rogaland leser"-bok: Plattformen som ikke kunne velte
✦ eg har lagra dette musikalske innlegget og tenkjer at her er det mykje bra musikk å høyre på
✦ gylne blad på eit tre rett utanfor blokka vår (gult er kult)
✦ lyset på alt det brune lauvet på bakken inne i Vålandsskogen
✦ vil besøke denne keramikkbutikken eller verkstaden til keramikar Carl Olaf Olsen
✦ hyttehelg med lesing, strikking, quiz, litt utearbeid og elles hygge
✦ sykle innom Madla bibliotek før jobben ein dag for å hente endå fleire bøker
✦ hytteturar i fleng, ser så koseleg ut, Synne
✦ traske ein runde rundt Mosvatnet i lag med ei veninne som eg ikkje hadde sett på lenge
✦ hi, hi, må jo berre smile stort av denne fuglen som syng temaet frå Totoro
✦ haustlauv på eit rustraudt tak
✦ Loulou, Coco og ein bitteliten kylling
✦ sjå ferdig den tøffe miniserien When They See Us, basert på ei sann historie
✦ morgonhimmelen midt i byen ein tidleg morgon rett før eg gjekk inn i svømmehallen
✦ "When it still was summer", to stemningsfulle innlegg inne hos Nina
✦ flotte haustfargar rett utanfor hytta
✦ slappe av med nye episodar av Kongen befaler og Eventyrlig oppussing
✦ James Corden, Lin-Manuel Miranda og Emily Blunt i ein herleg musikalkavalkade
✦ hytteaktivitet nummer ein: lesing!
✦ cappuccino og ein brownie på kafé med YA-boka We Are Okay

2. okt. 2020

Små glimt frå bilturen vår gjennom mobilkameraet


Lesehygge i finsalongen på Rjukan Admini. Solnedgang i tåkeheimen ute på Runde. Eit artig skilt som me såg då me gjekk rundturen Vindhellavegen-Sverrestigen. Kaffi i ein fin kopp rett ved vindauget med blondegardiner på Vangsgaarden Gjestgiveri. Rasteplassdo med utsikt ved Skjervsfossen og det heilt magiske lyset då me stoppa ved Nesflaten. Mobilbilete som ikkje har fått plass i tidlegare innlegg. Ein bilferie med flotte opplevingar og minne som me kan sjå tilbake på.