8. feb. 2019
Vestlandstur gjennom mobilen
Siste rest, i alle fall nesten, frå vår lille reise. Alle bileta er tatt med mobilen, for det er innimellom mykje enklare enn å ta fram spegelrefleksen, særskilt når det "berre" er eit bilete eller tre sånn i farta. Eg liker jo aller best å ta bilete med systemkamera, men av og til får mobilen duge. Den der utsikta hos svigers, den viser seg frå si beste side så å seie kvar gong me er der; sjekk ut lyset på det andre biletet! Fekk litt kvalitetstid med besteste Jeremias før me drog til Molde laurdagskveld og tok Hurtigturen vidare til Bergen. Overnatta i lugar og hadde god frukost dagen etterpå. Diggar at dei har nokre bokskap ståande rundt omkring, så viss ein plutseleg er tom for bok, er det berre til å finne ein her. Vel framme i Bergen var det strålande sol og knallblå himmel, ein strålande vinterdag med andre ord. Me budde hos ei kusine av mannen min, og i heimen hennar bur også Frøya, ein ordentleg fin og spraglete katt. Utpå dagen på måndag, tok me altså fatt på siste strekninga heim, og den tok me med danskebåten. Stilig interiør på den eine kaféen, og ikkje så langt unna Bergen tok eg bilete av Bjorøy. Ho eine veninna mi bur der, og eg sende ho biletet. Tilfeldig nok, eg hadde klart å ta bilete av huset der kjærasten si mormor budde. Om bord i båten slappa me av og las mykje. Det var lite folk ein måndag i kalde februar, og me synest begge det var ein veldig behageleg måte å reise på. No er det helg igjen. Ute regnar det, men eg tar snart fram ei bok, då blir det bra.
6. feb. 2019
Stemning frå ein tog- og ein båttur
Togtur, busstur, båttur. I eit vinterlandskap. Førre veke var akkurat slik. Kvitt i kvitt, kanskje ikkje så kvitt ute på båljan den blå, men inne på land såg me innimellom nokre kvite dottar. Og eit bokskap og interiør som høyrer Hurtigruten til. Eg har sett saman ein liten videosnutt frå togturen mellom Lysaker og Lillehammer og ein tur med båten. Ikkje noko musikk er lagt til, og eg kan ikkje påstå at det er mykje som skjer, men eg synest den viser stemninga likevel. Akkurat slik det var.
Merkelapp
reise
5. feb. 2019
Vink til ein ny månad v2
Tilbake i Stavanger igjen. Nesten litt rart å vere ein stad der det ikkje er snø, før både på Langhus og Sjøholt var det kvitt overalt. Ja, til og med i Bergen såg me nokre haugar med snø no i helga. Me hadde jo litt snø her i midten av januar, men null niks no. Og no er me faktisk i gong med februar, og det er på tide med nye bilete i samband med årsprosjektet mitt. Lite endringar å spore mellom desse to månadane, einaste er at benken har blitt flytta på, berre littegrann, at det i dag er noko gråare ute enn då eg tok bileta i januar. Elles blir det orkesterøving i kveld, noko eg ser fram til.
Merkelapp
kvardag
4. feb. 2019
Med tog mellom Lysaker og Lillehammer ein vintertysdag
I løpet av dei siste dagane har me brukt mange av døgnets timar på båt. Eg har tatt nokre bilete med mobilen, og eg tenkjer å poste eit innlegg seinare i veka med siste rest frå turen vår. No i kveld derimot blir det seks bilete frå Nikon-kameraet, bilete som eg tok me sat på toget på veg frå Lysaker til Lillehammer. Ute var det kaldt, det var sol og vinterlandskap. På vatna var det is, himmelen var knallblå, me køyrde forbi eit par landlege hus som var omringa av snøen – gule, raude og kvite hus – og sola skein så flott på trea. Solskin og den kvite snøen, så lyst og godt, eg er glad for at me no går mot lysare tider. Trass i at me måtte ta buss for tog på strekninga Lillehammer-Åndalsnes, hadde me ein fin tur med toget fyrste del av reisa. Vinterlandskap langs nok ei togrute.
Merkelapp
reise
3. feb. 2019
Mange varierte og kjekke ting denne veka
Eit lite "hei" frå Bergen. No er me nemleg på veg heim, og den starta då me tok bussen til Molde i går kveld og deretter Hurtigruten frå Molde til Bergen. Hadde bestilt lugar og sov heilt greitt gjennom natta (ein del lydar høyrde me jo, og då særskilt frå luka då båten la til kai), og i dag tidleg åt me ein god frukost. Hotellfrukost. Det har verkeleg vore ei varierte veke med konsert, tog og buss, mykje lesing, nydelege solnedgangar, kattekos, vinterlandskap og no til slutt ei natt om bord på båten. Me kom i land her i Bergen halv tre, og har resten av dagen vore med ei kusine av mannen min. Det er også hos henne me skal vere til i morgon, og i morgon er det siste etappe der me tar Fjord Line frå Bergen til Risavika. Litt av ein rundtur. Og tenk: når me kjem tilbake, er badet vårt ferdig. Stor stas! Nok for i kveld og denne veka, resten av mi veke kan du lese rett under:
✦ vekas høgdepunkt var å høyre Ennio Morricone i Telenor Arena måndagskveld
✦ apropos Morricone: les gjerne denne på NRK og denne på aftenbladet.no (abonnement)
✦ få eit jobbtilbod i svømmehallen
✦ "Mens du sover på sofaen" – lita og vakker kjærleikstekst inne hos Et katteliv
✦ den alltid nydelege solnedgangen på Sunnmøre
✦ lese ut den surrealistiske og artige røvarhistorien Vestlandet
✦ og ein "Disneyhimmel" inne på same bloggen
✦ vere i lag med finaste Jeremias
✦ køyre forbi Eidsvoll og generelt ta tog og buss frå aust til nord-vest
✦ for ein søt og herleg gjeng med kattunge, hund og stinkdyr
✦ fargerikt teppe og bok inne medan det snødde ned ute
✦ klappe den skjønne pusen då me var på Langhus laurdag til måndag
✦ kul filmmusikkliste med undervurderte filmmusikkalbum
✦ drikke kaffi og titte på den blomstrete smørboksen
✦ kjempeflott å lese om eit tilbod om besøksbabyar på ein sjukeheim
✦ søtaste barneboka om forelsking og venskap: En liten bok om kjærlighet (og ein kaffi latte)
✦ overnatte på Hurtigruten og ete god frukost der i dag tidleg

sundagsliste
2. feb. 2019
Liten vintertur på Sunnmøre
Vêret her på Sjøholt har vore upåklageleg desse dagane. To gongar har me tatt beina fatt og gått ein god tur i nærområdet (er vel eigentleg skiføre for dei som liker det, men eg er ikkje ei av dei...). Det rosa og gule huset – eg får litt assosiasjonar til Pippi-huset når eg ser det. Sollys på toppen av fjellet og den blå himmelen. Ei mosegrøn dør og mykje snø. Traske på gangvegen i herleg vintervêr.
Utsikta her. Eg nemnde det jo seinast i går, det at eg aldri blir lei. Mot slutten av vår lille gåtur, då me var på veg opp bakken der svigers bur, snudde me oss og fekk sjå byrjinga på solnedgangen. Det gylne lyset mellom greinene og på toppen av fjella, den kvite snøen som blir farga lyserosagul.

tur
1. feb. 2019
Lita helsing frå sofakroken hos svigers
Og sånn går dagane her på Sunnmøre. Me drikk kaffi om morgonen og til lunsj og te om kvelden. No og då tar me oss tid til å klappe katten. Fine Jeremias. Han byrjar å bli ein gammal pus, og no når det er såpass kaldt ute, liker han best å liggje inne, ete litt og berre slappe av.
På onsdag var me ein tur innom Kyrkjetorget – ingen Sunnmørstur utan eit besøk til bruktbutikken. Eg fann ikkje noko å ha med heim, men det gjer ikkje så mykje, halve moroa er jo å gå rundt og titte. Fekk ordentleg tilbakeblikk til barndommen då eg såg den fyrste Harry Potter-boka liggje framme i ei eske med bøker. Tenk å kunne lese den boka for fyrste gong igjen. Nokre artige lamper og eit servise måtte eg også ta ein ekstra titt på. I morgon tar me forresten å byrjar på heimvegen: då blir det Hurtigruten til Bergen og vidare med Fjord Line til Stavanger på måndag.
Ute sit meisane på ei grein, for ute i hagen får dei mat. Sola skin inn i stova og lager dei flottaste skuggane. Og eg les i ei bok medan eg innimellom ser ut på den vakraste utsikta eg aldri blir lei.

hygge
Abonner på:
Innlegg (Atom)