10. okt. 2018
Spasertur blant dei sterkaste haustfargane
Ute på ein grussti, rett ved Frognerseteren og Holmenkollen. På laurdag hadde me få planar, var vel eigentleg berre musikalen på kveldstid som faktisk stod på programmet. Sto opp halvseint, åt god frukost (varmt, heimebakt brød) og slappa av. Etter kvart tok me på oss yttertøy, tok trikken ned til Jernbanetorget og T-bana vidare til Frogneresteren. Kaffi og god lunsj, og for ein flott plass! Må vel seie at det var stas å vere der. Etterpå traska me ein akkurat passe tur i nærleiken av akebakken Korketrekkeren. Eg veit eg allereie har delt haustbilete her dei siste vekene, men altså, sjekk ut fargane i dette området. Raud og gult og oransje og grønt, så sterke og friske. Det går ikkje an å bli lei av haustfargane. På grå dagar som den i går og måndag varmar dette litt ekstra.
9. okt. 2018
Sørlandsbanen om hausten
Togtur med Interrail-billett i fjor, togtur i England for ein månad sidan og ein helgetur med toget til og frå Oslo no nettopp. Det å reise med tog har eg berre blitt meir og meir glad dei siste åra, og eg klarte verkeleg å slappe av då me tok toget i helga. Las mykje, drakk kaffi og måte stadig leggje frå meg boka for å sjå ut. Ut på spegelblanke vatn og haustfargane i alle variantar. Filma litt med mobilen, så rett over kan du sjå korleis ein tur med Sørlandsbanen kan vere om hausten.
Merkelapp
reise
8. okt. 2018
Å sitje på toget og berre slappe av
Lang dag med vakt fram til sju. Men det har no vore ein kjekk dag med litt av kvart på programmet. Gjorde godt med togtur i helga. Heilt greitt at internettet ikkje fungerer optimalt heile vegen, for eg fann leseroa. Las ut resten av ei bok i løpet av turen bort. Eller, det vil seie, eg hadde lese rundt åtti sider før turen og las ut dei resterande 450 sidene. Så herleg! Kaffi på termos var også med. Ute køyrde me forbi spegelblanke vatn og togskjener i ein rustraud farge. Å ta toget, altså ♡
Både til Oslo og frå Oslo hadde me bra vêr. Sat ikkje framme med spegelrefleksen heile vegen, men fekk fanga to bilete med mobilen av det nydelege vêret, eitt den eine vegen og eitt den andre vegen. Blå himmel så langt auget kunne sjå, trea som spegla seg i vatnet, dei gylne haustfargane og lyden av toget som tøffa av garde. Slike turar senker skuldrene og gjer godt etter ei travel veke.

7. okt. 2018
Operafantomet og mykje lesing i byrjinga av oktober
Trur eg tinga billettane i mars i fjor, det vil seie over halvtanna år før forestillinga. No er den over, men det var verkeleg verdt ventetida. Eg snakkar jo så klart om Operafantomet på Folketeateret. I og med at dette ikkje er den musikalen eg har eit veldig stort forhold til, hadde eg ikkje så mange forventningar, men eg blei veldig positivt overraska. Har jo likt alle oppsettinga til Scenekvelder før, altså, men for nokre prestasjonar, storslåtte kulissar og eit bra orkester. To tomlar høgt opp! Elles i veka har det vore jobb og lesing. Fekk unnagjort nokre ærend då me hadde orkesterfri på tysdag, så no har eg endeleg gummistøvlar på plass (det må jo til når ein bur på Vestlandet...). Togtur, fint haustvêr og musikal i helga. Den fyrste veka i oktober har med andre ord vore bra:
✦ ingen tvil: vekas høgdepunkt var å sjå The Phantom of the Opera på Folketeateret
✦ starte dagen med å lese i ei bok, får så mykje ro og glede av det
✦ herleg video med "Puppies Learning How To Dog" ;)
✦ treffe på eit venepar frå Agder Brass på toget på veg til Oslo – superhyggeleg å slå av ein prat
✦ at det framleis er fine haustfargar å sjå langs turløypa ved Mosvatnet
✦ sjå ein Heartbeat-episode etter jobb ein av dagane
✦ "Tanker om å bygge et sakte hjem" – nok eit reflekterande innlegg inne hos Julianne
✦ endå ei veke med der ein tur med bussen kosta 1 krone
✦ nye gummistøvlar
✦ bruke mesteparten av tida på toget til å lese
✦ sollyset inn i stova vår, like fint kvar gong det skjer, anten det er morgon eller kveld
✦ gå tur med mannen min og onkelen min rett ved Frognerseteren, sjå dei vakraste haustfargane
✦ denne passar jo godt no: temaet frå The Phantom of the Opera med Prague Cello Quartet
✦ setje av litt tid på toget til å sjå ein episode av Six Feet Under
✦ likte den lågmælte tonen i Heivolls nye roman Sang for sekstiåtte forrædere
✦ ingen tvil: vekas høgdepunkt var å sjå The Phantom of the Opera på Folketeateret
✦ starte dagen med å lese i ei bok, får så mykje ro og glede av det
✦ herleg video med "Puppies Learning How To Dog" ;)
✦ bu hos onkelen min og sambuaren hans no i helga då me var i Oslo, god prat og god mat
✦ høyre ein av songane til Glen Hansard i Clas Ohlson-butikken her i nærleiken✦ treffe på eit venepar frå Agder Brass på toget på veg til Oslo – superhyggeleg å slå av ein prat
✦ at det framleis er fine haustfargar å sjå langs turløypa ved Mosvatnet
✦ sjå ein Heartbeat-episode etter jobb ein av dagane
✦ "Tanker om å bygge et sakte hjem" – nok eit reflekterande innlegg inne hos Julianne
✦ endå ei veke med der ein tur med bussen kosta 1 krone
✦ nye gummistøvlar
✦ bruke mesteparten av tida på toget til å lese
✦ sollyset inn i stova vår, like fint kvar gong det skjer, anten det er morgon eller kveld
✦ gå tur med mannen min og onkelen min rett ved Frognerseteren, sjå dei vakraste haustfargane
✦ denne passar jo godt no: temaet frå The Phantom of the Opera med Prague Cello Quartet
✦ setje av litt tid på toget til å sjå ein episode av Six Feet Under
✦ likte den lågmælte tonen i Heivolls nye roman Sang for sekstiåtte forrædere
Merkelapp
sundagsliste
5. okt. 2018
Scarborough og marknadsbyen Helmsley
Sit vel snart på toget no når dette innlegget kjem ut her på bloggen. Me er nemleg på veg til Oslo for å sjå eit visst fantom på Folketeateret. Gleder meg! Dei to bileta rett over er tatt i Scarborough. Etter å ha overnatta på Holly Croft, køyrde me bort til Scarborough. Eg har faktisk vore der ein gong før, på ein korpsfestival i 2003, men må innrømme at eg ikkje hugsar så mykje. Han fine og eg tok no turen opp til slottet i byen. Fin utsikt over stranda kor det akkurat då var fjære.
Slottsruinane var ikkje like vakre og storslåtte som klosterruinane i Whitby, men me liker no å sjå på slike gamle, historiske bygg og det var dimed likevel kjekt og interessant å få med oss dette bygget på toppen av Scarborough. Slottet blei bygd i mellomalderen og har ei lang historie, blant anna i forskjellige krigar. Han gjekk rundt med ein audioguide medan eg las plansjane som eg såg rundt omkring. Kvar vår måte å lære på ;) Blåste friskt på toppen, så etter å ha vore ute ei stund, gjekk me inn i den lille kaféen for å varme oss, og der drakk me kvar vår kopp med kaffi.
Etter kaffien, gjekk me frå slottet og ned til byen. Me hadde ingen plan på kva me ville anna enn å sjå byen. Scarborough er den største feriebyen i North Yorkshire og er ein fargerik by med mange små buer, slike som du finn i moroparkar med berg-og-dal-baner og karusellar. Eit herleg pariserhjul nede ved hamna såg me også. Det var jo ein vanleg måndag, så for det meste var det oss og pensjonistane som var ute på tur ;) Såg ein blå politiboks, ein slik dei bruker i serien Dr. Who, og sjølv om eg ikkje følg med på serien, synest eg det var artig og knipsa eit bilete. Fann etter kvart marknadshallen i byen (altså, berre sjå på bygninga, er den ikkje nydeleg?!) og der inne var det mykje rart. Før me drog frå Scarborough, åt me lunsj på ein kafé med utsikt over stranda.
I reiseguiden eg hadde lånt på biblioteket før me reiste, hadde eg sett at me på vegen mellom Scarborough og Selby kunne besøke marknadsbyen Helmsley. Men eg hadde ikkje lese så mykje meir om byen, så også her parkerte me bilen og berre byrja å gå litt rundt. Tilfeldigvis var det ei brukskunstmesse der den dagen og der inne fann me eit herleg bilete av nokre kule sauar av rasen Valais Blacknose. Får vise det biletet seinare, men her kan du sjå kor kul sjølve rasen er. Ein blomsterbutikk på eit hjørne midt i sentrum, murhus på rekkje og rad og kvite hus med svarte planker som lager mønster, akkurat slik det skal vere i ein engelsk liten by. Stakk hovudet innom ein liten butikk der dei hadde ei eiga hylle med sauemønster. Hi, hi, stilig! Måtte rett og slett kjøpe ei pakke med serviettar, for mønsteret var så kult. Då klokka byrja å nærme seg fem, fann me ut at det var på tide å køyre vidare, for det var den kvelden me skulle køyre til Cawood Castle, eit av reisens store høgdepunkt. På vegen passerte me Castle Howard. Blei ikkje noko stopp her, men det var likevel ei litt majestetisk kjensle då me køyrde gjennom slottsmuren. Og neste stopp: Selby.

3. okt. 2018
Ekte britisk landsbyliv
Ein kopp med te og Heartbeat på TV-skjermen. Då er eg nøgd. Ingen tvil om at det var stor stas å besøke Goathland og Whitby for berre ein snau månad sidan. Kjøpte eit postkort og ein fin keramisk magnet då me var der. Den magneten der det står "Aidensfield Post Office" var tidlegare mormor sin; ho var der borte ein gong på midten av 2000-talet. Eg veit at serien er gammal og ikkje "på moten" lenger (okei, NRK sender stadig episodane i reprise), men kva gjer vel det så lenge eg koser meg med den?! Ingen verdens ting. Intromusikken, 60-talsstilen, karakterane. Herleg å kunne slappe av med denne serien etter seinvakta på jobb, ekte hygge med britisk landsbyliv.
Merkelapp
film og tv,
hygge,
kvardag
1. okt. 2018
Robin Hood's Bay og eit kjempekoseleg vertshus
Tar litt tid å lande etter ein slik konsert som den me hadde i går, men me kom oss no av garde til jobb i dag tidleg, begge to. Bra dag på jobb, og med andre ord ei god start på veka og på oktober generelt. Her på bloggen startar veka med ei lita reise tilbake Robin Hood's Bay. For etter å ha vore i Whitby, køyrde me vidare til fiskarlandsbyen med det kule namnet. Superbratt å gå frå parkeringa og ned til sjølve byen, men for ein søt by. Dei trange gatene, blomsterpotter overalt, det lille hotellet heilt nede ved sjøen. Hadde me hatt betre skotøy, hadde me nok gått ut på steinane slik andre gjorde. Nesten som ein slags stor steinstrand rett ved bykjernen. Dessverre var det koselege tehuset stengt då me byrja å gå opp til bilen, men altså, kan me ikkje få fleire slike plassar her i byen?!
Til slutt køyrde me det lille stykket frå Robin Hood's Bay til Scalby, som ligg i Scarborough. Ikkje midt i sjølve byen, men berre ti minutt unna med bil. Det var her me skulle overnatte, nærmare bestemt på Holly Croft. Eg veit ikkje heilt om eg skal kalle det vertshus eller B&B, men det er i alle fall eit viktoriansk hus med to rom (fire overnattingsplassar). Huset er også heimen til ekteparet som driv plassen. Me fann Holly Croft i boka Alastair Sawday's Special Places to Stay: British Bed & Breakfast; ein kan også sjekke ut nettsida med same namn. For ein nydeleg plass. Kjempefin hage, luksuriøst rom og me blei møtt med heimelaga scones og te servert på eit nydeleg servise. Vertane John og Christine er superhyggelege og me følte oss som heime, akkurat slik dei sa at me skulle. Middagen åt me på The Plough, ein koseleg restaurant som låg berre eit par minutt unna. Til fots, faktisk. Herleg stemning, god middag og eg fekk også smake Yorkshire pudding. På veg heim såg eg dette huset, så typisk britisk (og veldig fint med lys i vindauga mot den mørkeblå himmelen). Sov godt den natta. Morgonen etterpå fekk me servert ein ypperleg frukost med blant anna heimelaga syltetøy. Kjempebra start på dagen, hatten av for denne fine overnattingsplassen!

Abonner på:
Innlegg (Atom)