Natt til tysdag var det duka for jubileumskonsert: musikalen RENT er nemleg tretti år i år, og originalbesetninga – saman med fleire andre som opp gjennom åra har spelt i musikalen – feira jubileet med å setje opp musikalen berre for ein kveld. Richard Rogers Theatre, teateret der ein kan sjå sjølvaste Hamilton, var plassen og det er jo på Broadway. Veldig kjekt at ein kunne kjøpe nettbillett og sidan strøyme konserten, så jepp, eg storkoste meg tysdagsettermiddag med å sjå heile musikalen! Billettinntektane gjekk i tillegg til velgjerd, og alt i alt var dette veldig stort å få med meg. Eg såg musikalen på teaterscena i Trondheim i fjor, her kan du lese kort om kvifor akkurat RENT. Resten av veka har eg høyrt mykje på musikken, både heime og medan eg jobba på kontoret (med hodetelefonar på, altså). Nytt synet av haustfargane, prøvd å slappe av med lesestunder, slappa av i ein flytetank og ledd av artige Zalo då me var på kaffibesøk heime på Sola i dag. Tihi, eg ser at eg brukte mykje tid på å nemne ein viss musikal, men her kjem altså mi oktoberveke i tjuefire punkt:
✦ fann Bibliotherapy av Bijal Shah i ein bokhandel i Amersfoort, ei fin og opplysande leseoppleving
✦ kjøttmeisene som syng ute om morgonen
✦ romanen Kjærlighet av Hanne Ørstavik er ei vond, fin og sår bok
✦ sollyset etter yrande regn
✦ tihi, meir av den superpluffete pusen og to andre pelsvenar
✦ Stavanger botaniske hage med knallraude haustblad og ein like raud benk
✦ skuggespel i skogen
✦ laurdagstaco og filmen The Dark Crystal
✦ pynte døra vår og setje ut stearinlys for å vise at ungar kunne ringje på med "knask eller knep"
✦ handa full av fargerike haustblad – oktober på sitt aller finaste
✦ nytt ordresystem på jobb
✦ Poirot-episoden Fem små griser
✦ innmari gøy og veldig fint å sjå RENT 30th Anniversary tysdagskveld
✦ mystisk og surrealistisk, slik kan eg kort oppsummere Vaim hotell av Jon Fosse, hans nyaste bok
✦ framleis gule og kule dahliaar hos naboen
✦ finn alltid noko bra på Skjæveland gardsutsalg
✦ flytetanktime etter sundagsfrukosten
✦ hente bøker på biblioteket to gongar
✦ for oss bibliofilar som elskar å utforske litterære plassar: dette er den ultimate lista for Europa
✦ sundagskaffi med kake heime på Sola, og då spelte me litt "UNO Flip"
✦ edderkoppar og spindelvev i ein busk i nabolaget (Halloween-pynt om nokon skulle lure)
✦ så klart skal Zalo vere med der det skjer, så han ville også ha litt kake ;)
✦ les Herriot-bøkene både på norsk og på engelsk; nyleg var det Forstyrr ikke dyrlegen – han sover


Legg igjen ein fin tanke