20. nov. 2017

I bøkenes verd

Bøker. Lyden av å bla i ei bok som er heilt ny frå trykkeriet. Den kjennelege lukta frå ei gammal bok som har stått gjemt i ein kjellar eller høgt oppe på eit loft. Å finne ei bok i bokhylla som du ikkje har lese på mange, mange år, men som tidlegare har vore ein av favorittane, som du veit du kjem til å elske endå ein gong om du tek den ut av hylla og byrjar å lese.

Eller å finne ei bok i ein bruktbutikk eller i hylla på biblioteket, ei bok du kanskje aldri har høyrt om før, men som ser interessant ut og som du difor tar med heim. Kanskje det er ei kjempekjent bok som du mange gongar har tenkt at "den skal eg lese", men som du ikkje har funne eller hatt tid til å lese. Du tar med boka heim og elskar den. Eller ikkje, det er lov det også. Alle liker ikkje den same boka, men det finst ei bok for alle.

Opp gjennom åra har eg lese mykje. Nokre år meir enn andre, nokre bøker betre enn andre. Men bøker har alltid vore ein del av livet mitt. Ein stor del. Å kunne dykke ned i ei bok, forsvinne frå røynda og inn i eit anna univers, sjølv om det berre er for ei lita stund. Å kunne vere med på å lære magi og seie ein trylleformular som "expecto patronum", løyse eit mysterium med "dei små grå" eller gråte når ein av heltane reiser av garde med skipet og dei andre står igjen.

Bøker. Eg har det bra når eg har bøker å lese, eg blir glad ved tanken om at når eg kjem heim frå jobb, ligg det ei bra bok og ventar på meg. Når eg så er heime, set eg på roleg musikk, tar fram eit pledd og finn fram boka. Kanskje er det ein krimbok, ei heilt ny bok eller ein gammal favoritt. Eller når eg sit på bussen ein dag på veg til jobb, då er det også fram med boka. Berre nokre sider, for vegen er ikkje så lang, men likevel. På toget, på hytta, på flyet, ute på graset ein solskinsdag. Ofte på senga om kvelden før me sovnar. Langt inne i bøkenes verd.

19. nov. 2017

Travle dagar, men artig lell

Sundagslista kjem seint i dag, men helga har verkeleg gått i eitt. Ja, heile veka eigentleg. Puh. Men det har stort sett berre vore morosame og sosiale ting, så sånn sett skal eg ikkje klage. Kjenner likevel det skal bli godt med nokre rolegare dagar i veka som kjem. Har nemleg ikkje fått lese så mykje som eg gjerne skulle ønskje, for eg merker at når eg les, slappar eg av. Litt lesing på bussen har det no blitt, blant anna Kjærleikens ferjereiser, klassikaren til Edvard Hoem. Midt oppi travle dagar, har me også rokke å gå to (korte) turar medan sola var framme, og det gjer veldig, veldig godt, både for kroppen og for humøret. Sundagen er snart over og her kjem vekas høgdepunkt:

✦ finaste dørmatta midt i byen
✦ høyre Bjergsted Blåseensemble på festkonserten til skulekorpskonkurransen Stavanger Open
✦ skru saman eit avlastningsbord på jobb; no blir det bra inne på kontoret
✦ quiz med jobben etter arbeidstid på onsdag
✦ Kjærleikens ferjereiser med ein kopp kaffi på ein regntung dag
✦ den rustraude og den oransje fargen som framleis finst på trea i Vålandsparken
✦ øve på "Nøtteknekkersuiten" saman med orkesteret; det nærmar seg jul
✦ soloppgangen som starta veka på den aller beste måten
✦ "10 Reasons Why Bookworms Are Best Friend Material"
✦ Duolingo, også denne veka ;)
✦ å vere med på "babydysj" for ei veninne med kjekke leikar og herlege folk
✦ lese ut Det røde huset, den tredje boka eg har lese skriven av Mark Haddon
✦ sola som skaper skuggespel på stoveveggen vår
✦ sjå eit par episodar av QI mellom alle slaga
✦ kort sundagstur rundt Mosvatnet medan sola skein for fullt

17. nov. 2017

Vålandsparken v11

Okei, desse bileta er kanskje ikkje heilt representativt for november – det har nemleg regna ein del fyrste halvdel av månaden. Men måndag, då me tok ein tur i Vålandsparken, var det sol og fint vêr. For slik kan november også vere. No er det verkeleg lite lauv igjen på trea, men det som framleis heng så fint på greinene, er i herlege gule og oransje fargar. Gylne fargar, god hauststemning!

15. nov. 2017

Museumstur på eit slott

Slottet, eller palasset, i Budapest er enormt, verkeleg ingen tvil om det. I delar av bygget er det museum, til dømes historisk museum og nasjonalgalleriet. Etter å ha tatt kabelbana opp og sett litt på området rundt slottet, tok me turen inn og fann ut at me ville gå ein tur i sjølve galleriet.


I nasjonalgalleriet i Budapest (Magyar Nemzeti Galéria) finn ein kunst frå renessansen og fram til i dag, så her er det noko for ein kvar smak. Med andre ord mykje å sjå, men med berre ein audioguide og dei aller fleste skilt på ungarsk, må eg ærleg innrømme at det ikkje var alt som blei forstått ;) Men ei flott bygning og mange like flotte kunstverk og detaljrike var det likevel.


Før me kom oss ned frå høgda, titta me nok ein gong utover byen. Det er ein fin by, og kanskje særskilt når ein får sjå den med ei utsikt som denne. Me tok ikkje bana ned, men det går an å gå på ein sti rett ved, noko me gjorde (måtte jo i same slengen traske over ei av "bruene" som går rett over kabelbana). Turen ned var ikkje særskilt lang, og vel nede blei det trikk til marknadshallen.

14. nov. 2017

Den vakraste morgonen

Å få ein slik start på veka. Å vakne opp til ein himmel som dette. I går var ein slik morgon. Me sat og åt frukost då eg snudde meg og såg at gardinene var nesten lillarosa, og då eg opna balkongdøra, var det dette synet som møtte meg. Har jo opplevd det før, men kjem nok aldri til å bli lei.

13. nov. 2017

Haustfargar rundt Vannassen

Berre så nydeleg ute i går, så veldig herleg! Etter dagar med gråvêr og regn, dukka sola endeleg opp. Det blei berre ein liten tur rundt Vannassen, men det er jo likevel betre enn ingenting. Tenk å få oppleve solskinet blant dei gylne haustfargane, blant alt det gule, brune, knallraude, oransje. Solstrålar som skein så vakkert gjennom haustlauvet. Å få avslutte veka på beste moglege vis.

12. nov. 2017

Lesing og roleg morgon midt i veka

Mykje å dele i denne vekas sundagsliste. Veka har gått fort, slik som mange av vekene har gjort denne hausten. Eg har no likevel fått tid til å lese mykje, og det er noko med det å lese som gjer at eg senker skuldrene, slappar ordentleg av, til og med når det regnar som verst ute. For eg er ikkje den som alltid klarer å slappe av når det stormar ute – eg synest det er ufyseleg og kjenner at eg nærmast hutrar. Det har vore slik nokre av dei siste dagane, men i dag var det sol og blå himmel (og sjølv med litt forkjøling på oss begge, kom me oss ut ein liten tur). Dei neste dagane kjem til å gå i eitt med blant anna orkesterøving, jobb og quizkveld. Men no over til alle dei fine punkta på lista:

✦ roleg morgon midt i veka: bok, kaffi og P9 Retro på radioen
✦ denne videosnutten: "Harry Potter group chat"
✦ og endå meir HP: ein liten video som viser nokre av dei nydelege illustrasjonane i den illustrerte versjonen av boka Fantastic Beasts & Where To Find Them
✦ liten sundagstur rundt Vannassen i herleg solskin
✦ rørande bok skriven av Lars Ove Seljestad
✦ ønskjer å besøke Leadenhall Market i London når eg ser dette blogginnlegget hos Synne
✦ og det same med Island og Skorradalur når Anna Mariá deler så vakre bilete
✦ få unnagjort endå eit par julegåver
✦ regnboge midt i sentrum på veg heim frå jobb
✦ omtrent på den same plassen: det store og flotte treet med knallgule haustblad
"Ligger an til å bli en av tidenes musikalsuksesser" – me snakkar om Book of Mormon
✦ genser funne på loftet på Sola, nuperellesmykke laga av pantertante og store julelys på jobb
✦ feire farsdagen med god middag heime hos mamma og pappa
✦ følgje linjeturane til Bømlo folkehøgskule (tenk: heile åtte år sidan eg sjølv var ute på tur)
✦ er godt i gong med å lese den fyrste Anne-boka på engelsk og har ganske lyst til å oppleve dette
✦ at det framleis er knallsterke haustfargar å finne ute i naturen
✦ smakte ypperleg med heimelaga kaffe latte medan eg las i den søte boka Paris er alltid en god idé