11. jan. 2026

Vinterforkjøling rett etter ein flott nyttårskonsert






Aldri kjekt å vere forkjøla, og det er akkurat det eg er no. Ja, ja, eg berre håper det ikkje varer altfor lenge. Forkjølinga slo til rett før helga, så både i går og i dag har energien vore låg og nasen tett. Ikkje ofte at snøen ligg såpass lenge her i byen, men den kom på måndag og ligg enno. Snøen og eg kjem nok aldri til å bli bestevenar, men eg kan setje pris på lyset den gir. For med eitt blei byen litt rolegare og lysare. Høgdepunktet denne veka, var å få med oss nyttårskonserten til Stavanger symfoniorkester. Julie Røssland var dirigent og Ole Edvard Antonsen var solist. Og eg kan vel nesten seie at ringen er slutta: det var med Antonsen eg fyrste gong høyrde "Benedictus" då han spelte den på ein julekonsert for dryge sju år sidan, me spelte den jo sjølv med orkesteret i desember og tårene rann då han spelte den igjen no på fredag. Eg er klar for senga, i alle fall snart:
 
✦ fyrste bok ut i #readchristie2026 var Liket i biblioteket, noko som passa perfekt til handlenettet ;)
✦ også i nyheimen, er denne glaspynten framleis eit av dei finaste bruktfunna
✦ snø og vinterlys på ein busk i blåtimen
✦ mykje lesing i helga 
✦ her er det mange vakre reisetips for oss bokelskarar, m.a. biblioteka i Irland og Austerrike 
✦ fint puslespel
✦ laurdagspizza, Taskmaster og litt strikking 
✦ årets nyttårskonsert med SSO og solist Ole Edvard Antonsen
✦ rørande å høyre han spele "Benedictus" av Karl Jenkins 
✦ og dei stilige lysekronene i konserthuset
✦ blir jo ikkje søtare enn denne store hunden som får helse på mange små, søte pusar 
✦ må alltid lese ei Mandy Baggot-bok i juletida, og i år var det Meet Me under the Northern Lights 
✦ å gå forbi "Brumms tenkested", herleg å sjå eit slik skilt
✦ lesing foran omnen fleire av dagane
✦ sjå vidare på The Hack med David Tennant og Robert Carlyle 
✦ sukk, lyset på himmelen
✦ ordne litt i heimen etter at me rydda bort jula 
✦ sir Bryn Terfel har ei ordentleg kraftfull stemme, berre høyr når han syng "Homeward Bound" 
✦ søt katteteikning som låg at på teikenbordet på jobb
✦ skuggespel i snøen
✦ vaske trombonen 
✦ kaffi, klassikaren A Child's Christmas in Wales av Dylan Thomas og juleraud duk funne brukt

Legg igjen ein fin tanke