18. jan. 2026

Kaffi kan løfte tunge dagar






Av bileta i denne vekas sundagsliste, er det fleire stunder med kaffi i ein favorittkopp. Men det må absolutt til når ein er småforkjøla og det er kaldt ute, i alle fall om du spør meg ;) Snøen forsvann etter kvart som veka tok til, og regnet datt ned då eg gjekk til jobb på fredag. Med andre ord er det ikkje like kaldt ute som førre veke, men å kunne starte nokre av dagane foran den knitrande omnen set eg likevel pris på. I gong med nytt orkesterprosjekt, halvtunge dagar på jobb, fleire lesestunder, ei kort helg sidan eg hadde laurdagsvakt og heldigvis mange kjekke punkt å skrive om:
 
✦ som eg likte å lese Winter Nights at the Bay Bookshop (og alltid gøy når Anne Shirley blir nemnt)
✦ sjølv om dette var førre sundag: tenk at januarmorgonane kan vere så fargerike!  
✦ godt å ta meg ein liten luftetur i nærområdet i dag 
✦ laurdagstaco og fin film etter timar på jobb 
✦ altså, Tynne rivner av lys var ubehageleg å lese, men samstundes ei så himla bra bok 
✦ sko som matcha både kjolen og strømpebuksa 
✦ regndropane på ein grøn busk 
✦ når store hundar blir ven med småsmå kattar, det er like søtt kvar gong 
✦ dele dei siste julekakerestane etter frukosten i dag tidleg 
✦ snart forsvinn den siste episoden av Vera frå NRK Nett-TV, og då måtte eg jo lese boka fyrst  
✦ mjuke vinterlys mot dei skarpe, kvite snørestane 
✦ høyre "I Know Him So Well" frå Chess på veg til orkesterøvinga 
✦ å, så mange flotte bokhandlarar her inne, og me har i alle fall besøkt fire av dei 
✦ strikke litt medan me såg på film
✦ komme i gong med eit nytt orkesterprosjekt 
✦ prate med ein kunde om Tønes 
✦ morgonstund foran omnen, så klart med kaffi og bok 
✦ julespesial 2025 av The Great British Bake Off, her smiler eg godt av både Coleman og Mitchell  
✦ ha, ha, ein lettare forskremd tommel opp i regnvêret ;) 
✦ fuglane som syng, uansett kva dag og årstid 
✦ lese eit par sider på veg til jobb på onsdag då snøen framleis låg i små klattar
✦ sundagskjensla med kaffi i ein favorittkopp og leggje nokre puslespelbitar i lag med han der fine 

Legg igjen ein fin tanke