For det er akkurat det han er, herlege Zalo! Og ikkje berre ein kaketjuv, han er vel generelt ein liten matmons, tihi! Julekaker var alle tiders, eggerøre om morgonen nesten endå betre. Pappa er framleis favoritten, og sjølv om pappa ikkje er heilt einig, synest me det er kjempeartig når Zalo heng ned frå capsen og tittar inn i pappas briller ;) Eller når kaketjuven sit på skuldra eller kneet til pappa og kvitrar og fortel i veg. Å spegle seg er ein annan favorittaktivitet.
Og så var det kjekt å sjå at han fann vegen ut av buret også her i nyheimen. Han var ikkje like aktiv kvar dag, men litt egg oppå buret er rett og slett blitt ei greie; det verkar som det aller kjekkaste er å kaste ned eggeskalet etterpå. Og å sitje på hovuda våre eller når han tripper fram og tilbake på dataen – det er ingen tvil om at han skal vere med der det skjer! Finaste gule og kule Zalo!


Legg igjen ein fin tanke