25. jan. 2026

To gode energibomber






Tidlegare i dag såg eg ferdig den aller siste episoden av Vera. Joda, den har jo vore tilgjengeleg på NRK i nærmare eitt år, men eg har spart den, både fordi eg ville lese boka fyrst (som eg nemnde i førre vekes sundagsliste) og fordi eg ikkje ville at det skulle vere slutt. Men no er det altså over, og det er vel ingen som blir overraska når eg skriv at eg blei rørt og felte nokre tårer. For det er meg i eit nøtteskal ;) Ei heilt grei veke på jobb, eg har laga meg mange gode lesestunder, og til å vere Stavanger, har vêret vore upåklageleg. To halvlange, gode turar, på tysdag med ei god veninne og i går i lag med min betre halvdel, tar eg med meg som energibomber. Å få vere ute i naturen, prate, kjenne sola varme, berre vandre, det gjer noko med heile kroppen og humøret. Seinare i kveld skal me på kino, så eg prøver å poste denne sundagslista litt tidlegare enn vanleg: 
 
✦ nok ei bok frå B. K. Borison som eg verkeleg fall fornemleg Good Spirits
 soloppgangsveke
✦ sollys på dei vakre klassikarane i vindaugskarmen 
✦ glitrande gras 
✦ Espend Linds versjon av Kråkeviks "Songen om mitt liv" er rørande vakker 
✦ lesing foran omnen, og så klart med eit mjukt pledd rundt meg 
✦ fint skuggespel på veggen 
✦ "Top 10 Most Difficult Boradway Solos to Perform" – både frå Chess, JCS og Les Misérables 
heimelaga surdeispizza og sjå ferdig Studio Ghibli-filmen Dagen i går 
✦ ei søt og samstundes melankolsk forteljing om fyrstikker, Thomas Korsgaard kan det med å skrive 
✦ å, så fint å høyre fuglane syngje når eg er ute og går
✦ denne lille pygmeflodhesten er jo berre superskjønn 
✦ eg har ikkje sett filmen enno, men stor stas at Affeksjonsverdi fekk heile ni Oscar-nomiasjonar 
✦ solstrålane ved Hafrsfjord! 
✦ kule gjenstandar som møtte oss i inngangspartiet på IKEA (for gult er alltid kult) 
✦ raudstrupen som sat i eit tre og song då eg skulle gå tur med ei veninne på tysdag 
✦ høyre The Hollies med "He Ain't Heavy – He's My Brother" på radioen ein morgon 
✦ gleder meg veldig til å lese Miranda si bok The Country Commonplace Book gjennom året 
✦ og apropos Miranda: alltid kjekt å sjå dei boklege videoane ho legg ut 
✦ vil ikkje at serien skal vere ferdig, men den siste Vera-episoden var ei verdig avslutning 
✦ sukk, Sørmarka i går, det var så herleg å gå ein liten tur med sola i andletet og ei hand å halde i 
✦ Huset under klippen er den andre boka eg les av Sharon Gosling, og også denne synest eg var bra 

Legg igjen ein fin tanke