Jobb igjen i morgon, men eg har faktisk hatt fri heile jula og skal ikkje klage. Dagane har vore mjuke, eg har fått lese ein del, slappa av og vore med familie og venar. Kunne gjerne hattt eit par ekstra fridagar berre for å lese meir og høyre på julemusikk, senke skuldrene endå meir før kvardagen set i gong. Lite snø å spore her i Stavanger no i romjula, likevel vil eg seie at desember har vist seg frå si beste side med sol og strålande vêr kvar dag i det siste. Tja, eg veit faktisk ikkje om eg har så mykje meir å seie. Noko har eg allereie blogga om, og resten er vel å finne i årets siste sundagsliste:
✦ som vanleg: sjå Love Actually medan eg pakka inn julegåvene
✦ Val McDermids Mord til jul var ei kjekk samling julekrimnoveller
✦ soloppgangen fleire av dagane denne veka, like magisk uansett kva dag
✦ starte lille julaftan med spa og flytetank hos Jæren flytesenter
✦ diggar å ha på meg min raude julekjole, inspirert av Ali MacGraws kjole i Love Story
✦ smellbongbong i eit fint motiv, veldig kjekt å invitere familien hit på middag andre juledag
✦ turen langs Hellestøstranda var akkurat det me trong midt i juledagane
✦ treffe ei av mine beste veninner heile to gongar
✦ artig å sjå Dick van Dyke-filmen Fitzwilly i går kveld, tenk at han nyleg blei hundre år
✦ pynte vårt eige juletre
✦ juledagar på Sola og her heime, god mat, spel, quiz og mykje hygge
✦ kalenderboka De ensomme hjerters bar var akkurat passe herleg med kule karakterar
✦ lyset inn i stova i starten av veka
✦ Mirandas video med mange kjekke julerelaterte bøker og fine ting
✦ Zalo var heilt med, og det å få smake på eggerøre var definitivt ein hit
✦ solstrålar som blei reflektert i blokkene i nærområdet då eg tok meg ein rusletur på fredag
✦ heimelaga marsipan og den vakraste juleduken
✦ sjå fjorårets julespesial av All Creatures Great and Small, og gjett om eg bleir rørt
✦ kan ikkje anna enn å smelte litt av denne skjønne huskykvalpen
✦ julaftansmorgon med dyne, julehefte, kransekakestong, fyr i omnen og to julefilmar
✦ raude bær og det gylne sollyset på den kvite veggen
✦ invitere fine folk på frukostquiz i dag tidleg, heimelaga surdeigsstykke og vinterserviset vårt
✦ gøy å lese A Cornish Christmas Murder, bok nr. fire i serien om Jodie "Nosey" Parker
✦ treffe eit venepar ute ved Godalen i går, gå ein liten tur med dei og berre prate


Legg igjen ein fin tanke