Kven fann mandelen i grauten? Joda, i år som i fjor var det pappa som fann den. Me åt risgraut lille julaftan på Sola, slik me pleier å gjere. Og etter maten, fann me fram eskene med julepynt og pynta treet i lag. Ein lille julaftan heilt etter boka med andre ord :) Julehuset i gangen var pynta, og Zalo var heilt i hundre og ti. Gul og kul, det er Zalo, det, han fortener eit eige innlegg!
Sjølve julaftan starta me her heime. Fint å ta det heilt med ro, lese unde dyna, fyre i omnen og sjå på dei to julefilmane eg alltid pleier å sjå 24. desember. Kjekt å ta på meg min raude julekjole før me køyrde til Sola i fire-tida. Kalkun med tilbehør til middag (inkludert eit par medisterkaker) og til dessert var det riskrem med bringebærsaus, krumkaker og litt heimelaga is. Alltid like artig når me må pakke opp gåver som er kamuflerte, til dømes ei stor vedkorg. Mange flotte gåver, ein liten pause med kaffi og julekaker, opna dei siste gåvene og me runda av kvelden med quiz.
Juledagsfrukost med noko for ein kvar smak. Ein roleg formiddag før me gjekk tur langs Hellestøstranda i heilt nydeleg vintervêr! Kaffi, lesing og Juleduken med stor J. Me åt fisk til middag før heimelaga sitronfromasj og eit par rundar med "Decrypto". I ti-tida køyrde me heim, og me vakna opp i vår eigen heim i dag tidleg. Her har me i dag stelt i stand til besøk, for i kveld var det vår tur til å lage middagen. På menyen stod det hjortegryte, og det var veldig kjekt å dekke bordet og vite at me byrjar å kjenne oss ordentleg heime i huset. Koselege juledagar med familien, me er heldige.



2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Nydelig ♥︎ Så mange fine stunder og god julestemning!
Mjuke juledagar her hos oss ♥︎ Ønskjer deg og dine nokre flotte stunder på tampen av 2025!
Legg igjen ein fin tanke