Fjerde sundag i advent, og roa har byrja å senke seg også her i heimen. Eg skriv byrja, for det har vore ei travel veke, særskilt på jobben. Då eg kom heim i går, var hovudet heilt susete og eg kjenner eg er ikkje heilt vaken i dag heller. Butikk og førjulstid er ikkje berre berre. Men no er det juleferie og eg håper me klarer å slappe litt av sjølv om me absolutt ikkje har ein perfekt julepynta heim. Middagsbesøk her på tysdag, og på fredag var me hos tante og sambuaren hennar der det blei god middag, latter og prat. Kjekt å treffe søskenborna mine igjen, og trass slitent hovud, klagar eg ikkje på litt førjulshygge. Som vanleg er det mykje anna smått frå i det siste som eg også vil nemne :
✦ Hoems antologi Å, menneske, ved juletid var ei slik stille og fin leseoppleving
✦ kveldslyset over Hafrsfjord i dag, heilt magisk
✦ å starte denne sundagen og vite at eg no har juleferie
✦ kundar som verkeleg takka for servicen, det varma midt i julestresset blant dei mange andre
✦ "Nok en dag" – trur me må få med oss Les Misérables på Folketeateret neste haust
✦ med Advent av Gunnar Gunnarsson fekk eg ei heilt eiga kjensla av orda og stemninga i boka
✦ komme heim etter seinvakta på måndag og kjenne dufta av lussekattdeig
✦ og servere dei dagen etter då me hadde eit venepar på besøk
✦ koseleg fredagskveld med både to- og firebeinte
✦ Haru som liten må vere ein av dei skjønnaste pusane
✦ kvardagsmagi i å stå ute på terrassen og sjå soloppgangen lyse opp skyene
✦ og soloppgangen gjennom det eine stovevindauget
✦ luke 20 – om å ta vare på kvarandre inne hos Tea, Books and Gilmore Girls
✦ servere god god salat og prate ein heil haug med nemnde venar
✦ juleserviset vårt sett i eit utstillingsmonter på jobb
✦ utruleg gøy å sjå Wake Up, Dead Man, den tredje filmen om meistardetektiven Benoit Blanc
✦ herleg gåtur i lag med ei god veninne
✦ ho, ho, den der nissen i ein nabohage, veit ikkje om eg vil møte på den om kvelden
✦ tenk – på tysdag var det heile 250 år sidan Jane Austen blei født
✦ mange kjekke bokhandlarar som det er verdt å besøke om ein er i London
✦ få julekort i postkassa
✦ ha på meg nisselue på jobb i går
✦ kanskje ikkje ei julebok, men The Key to My Heart var passe rørande med eit snev av jul


2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så mye fint på lista di! ♥ Gleder meg til å lese Hoems bok. Det blir nok en nydelig og sikkert litt salig opplevelse. Og tusen takk for lenke!
Hoems bok er akkurat slik du skildrar, og det var ei fin leseoppleving no i førjulstida ♥
Legg igjen ein fin tanke