Oxford har kanskje den eldste botaniske hagen i Storbritannia, men den får me utforske ein annan gong. Eg skal likevel ikkje klage, for Batsford Arboretum var vel verdt besøket i sommar. Små, fargesterke bruer, flotte blomar og eit rikt fugleliv – me såg både raudstrupe og fasan, og eg klarte å knipse eit bilete av det eg trur er ein måltrost. Rett ved inn- og utgangspartiet der dei både har kafé og butikk, kan du stikke innom eit lite hus der ein treskjerar sel så mange vakre gåver og brukskunstgjenstandar. Skulle gjerne ha kjøpt med oss ein trefugl eller ein globus med trefot, men så var det bagasjen då; dimed kjøpte me eit lite eple som no står på kjøkkenhylla vår.
Ser du den lille marihøna som gøymde seg under eit blad? Det var nesten som om detn hadde funne seg eit lite hus. Redwoodtrea var heilt enorme, og eg byrja å undre meg på om Tolkien kan ha sett slike tre då han skreiv om Treskjegg. Ein annan plass fekk eg assosiasjonar til Tre nøtter til Askepott (og tenk, no er det ikkje lenge igjen til det er på tide å sjå akkurat den filmen). Me stressa ikkje, me berre såg på kartet som me hadde fått og vandra rundt i dei ulike delane av arboretet.
Ingen ferietur utan lesing! På ein av benkane, sat me ei stund og las i kvar vår bok. Det er ikkje alltid det er meir enn ti minutt eller eit kvarter, men det gjer noko med sjølve feriekjensla, for min del kjenner eg ei ro av å berre sitje der og ikkje gjere noko anna enn å titta ned i boka, høyre fuglane syngje, kjenne lukta av skogen. Arboretet er som nemnt delt inn i ulike delar, noko me også oppdaga på dei små husa og hyttene som me fekk auge på. Å gå nærmare tre kilometer ein veg, for så å gå tilbake igjen – i tillegg til å gå inne i Oxford sentrum etterpå – eg skal ikkje leggje skjul på at me kjente det under føtene (me gjekk i vanlege fritidssko). Samstundes synest me begge at det var ein flott dag i Moreton-in-Marsh og i arboretet, og skulle gjerne ha utforska Cotswolds endå meir.

Legg igjen ein fin tanke