11. des. 2025

Bokhandelstemninga






Sjølv om eg jobbar med bøker, berre må eg innom bokhandlar når me er ute og fartar. Etter å ha vore i arboretet og Moreton-in-Marsh, tok me toget tilbake til Oxford der me fann to forskjellige bokhandlar i Blackwells-kjeda – den med fokus på fantasy- og science fiction-bøker og den andre vanleg krim og skjønnlitteratur. Å, er så utruleg digg å sjå så oversiktlege hyller! Fann både klassikarhylla (eg har nokre av dei her heime), ei eiga Christie-hylle, og når ein fyrst er i Oxford, finst det så klart ein seksjon full av bøkene til J. R. R. Tolkien. Ein dalek stod inne i fantasybokhandelen, og veldig kjekt å sjå at det også var plass til ei hylle med bruktbøker. Sukk, å vere i dei britiske bokhandlane med alle fargane, lukta og den mjuke stemninga, eg hjartar det!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

teabooks sa...

Wow, drømmested! Elsker skikkelig gode bokhandlere, hvor boka står i fokus og ikke alt annet.

Silje sa...

Kvar gong me er i Storbritannia, finn eg slike nydelege plassar! Og eg er einig, det er så mykje kjekkare å gå inn i bokhandlarar der boka er hovudfokuset :)

Legg igjen ein fin tanke