Ja, kva har skjedd denne maiveka? Eigentleg lite, om ein ser vekk frå 17. mai-feiringa i går. Sol og (nesten) sommar ute = lite folk på senteret inne, med andre ord rolege dagar. Om ikkje anna får me rydda ordentleg i butikken og har endå betre ro når det kjem ein haug med varer som me skal prise og finne ein plass til i butikken. Når eg vaknar om morgonane og ser vêret ute, gleder eg meg til å ta beina eller sykkelen fatt til jobb, for det å vere ute i vårsola, høyre fuglane syngje, sjå ein sommarfugl svinse rundt meg, det gir meg energi. Gårsdagens feiring av nasjonaldagen, var akkurat passe for vår del, og i dag har me berre tusla rundt her heime med litt husarbeid og kvar vår bok. Sundagskjensla som om ikkje lenge kjem til å gå over i måndagskjensla. Heile tjuefem punkt frå denne kanten:
✦ å, det var ordentleg koseleg å lese My Neighbor Totoro
✦ feire 17. mai i lag med fine folk :)
✦ Jack Sheffield skriv passe herleg og humoristisk i Teacher, teacher, den fyrste boka i ein serie
✦ tre små, nusselege geitekillingar, det går ikkje an å vere søtare enn dette!
✦ balkonglesing fleire av dagane
✦ byrje å planleggje og tinge billettar til sommarferien
✦ prate med ein kanadisk kunde
✦ velfortent at Ruth Jones vann ein Bafta-pris for rolla som Nessa i Gavin and Stacey
✦ solnedgang ved Vågens vgs. i Sandnes
✦ roleg sundag etter ein sosial laurdagskveld
✦ lyserosa blomar på trea
✦ gøy å få ein sniktitt på Mirandas bok som kjem i september
✦ møte på ein solbadande katt
✦ tihi, like stas i år også å ha på meg grafferbunaden min
✦ litt av ein himmel – ein himmel i brann – på veg heim frå orkesterøvinga
✦ "On Earth As It Is In Heaven" frå The Mission, her med Danish National Symphony Orchestra
✦ nynorskdagen med eit knippe gode bøker på nynorsk
✦ grøftekantsblomar
✦ kveldssola også denne veka
✦ orkesterøvinga – me speler ikkje på alt, men ein del av det me speler, er gøy
✦ skuggespel på kjøkkenet tidleg ein morgon
✦ og skuggespel på veg til jobb
✦ lage daimiskake, og sjølv om botnen blei litt klissete, smakte den veldig godt!
✦ den slår ikkje Kunsten å høre hjerteslag, men Akikos stille lykke, Sendkers nyaste bok, er no fin


2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Takk for gode ord, og for alle gledene du deler! Helt enig i at balkonglesing, kattemøter, blomster og fine solnedganger gir grunn til å smile. Du er nydelig i bunaden din, forresten!
Berre hyggeleg å kunne lenkje vidare, det fortener du :) Og takk for fin helsing her på bloggen, eg er veldig glad i bunaden min, og det er like stas kvar gong å kunne ta den fram frå skapet!
Legg igjen ein fin tanke