18. mai 2025

Heile tjuefem punkt frå denne kanten






Ja, kva har skjedd denne maiveka? Eigentleg lite, om ein ser vekk frå 17. mai-feiringa i går. Sol og (nesten) sommar ute = lite folk på senteret inne, med andre ord rolege dagar. Om ikkje anna får me rydda ordentleg i butikken og har endå betre ro når det kjem ein haug med varer som me skal prise og finne ein plass til i butikken. Når eg vaknar om morgonane og ser vêret ute, gleder eg meg til å ta beina eller sykkelen fatt til jobb, for det å vere ute i vårsola, høyre fuglane syngje, sjå ein sommarfugl svinse rundt meg, det gir meg energi. Gårsdagens feiring av nasjonaldagen, var akkurat passe for vår del, og i dag har me berre tusla rundt her heime med litt husarbeid og kvar vår bok. Sundagskjensla som om ikkje lenge kjem til å gå over i måndagskjensla. Heile tjuefem punkt frå denne kanten:
 
å, det var ordentleg koseleg å lese My Neighbor Totoro
feire 17. mai i lag med fine folk :)
Jack Sheffield skriv passe herleg og humoristisk i Teacher, teacher, den fyrste boka i ein serie
tre små, nusselege geitekillingar, det går ikkje an å vere søtare enn dette!
balkonglesing fleire av dagane
byrje å planleggje og tinge billettar til sommarferien 
prate med ein kanadisk kunde
velfortent at Ruth Jones vann ein Bafta-pris for rolla som Nessa i Gavin and Stacey
solnedgang ved Vågens vgs. i Sandnes
roleg sundag etter ein sosial laurdagskveld
lyserosa blomar på trea
gøy å få ein sniktitt på Mirandas bok som kjem i september
møte på ein solbadande katt
tihi, like stas i år også å ha på meg grafferbunaden min
litt av ein himmel – ein himmel i brann – på veg heim frå orkesterøvinga
"On Earth As It Is In Heaven" frå The Mission, her med Danish National Symphony Orchestra
nynorskdagen med eit knippe gode bøker på nynorsk
grøftekantsblomar
kveldssola også denne veka
orkesterøvinga – me speler ikkje på alt, men ein del av det me speler, er gøy
"All the feels" – eit fint blogginnlegg om kjensler og kva ein kjenner inne hos Et dryss kanel
skuggespel på kjøkkenet tidleg ein morgon
og skuggespel på veg til jobb
lage daimiskake, og sjølv om botnen blei litt klissete, smakte den veldig godt!
den slår ikkje Kunsten å høre hjerteslag, men Akikos stille lykke, Sendkers nyaste bok, er no fin

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Synne sa...

Takk for gode ord, og for alle gledene du deler! Helt enig i at balkonglesing, kattemøter, blomster og fine solnedganger gir grunn til å smile. Du er nydelig i bunaden din, forresten!

Silje sa...

Berre hyggeleg å kunne lenkje vidare, det fortener du :) Og takk for fin helsing her på bloggen, eg er veldig glad i bunaden min, og det er like stas kvar gong å kunne ta den fram frå skapet!

Legg igjen ein fin tanke